torsdag 28. juni 2012

Ulvik - 1 månad etter

På dagen éin månad etter årets Ulvikaleikane ligg endeleg resultatlista føre. Det er naturlegvis på høg tid. Eg har vore rundt omkring ein del etter kvart, men til Ulvikaleikane har eg ikkje vore. For dei av oss som er glad i å få resultatlister så snart som muleg, og helst med ein gong, så driv ikkje ulvikingane med god marknadsføring.

Og det råkar også eigne: Ulvik sin eigen Marius Bull Hjeltnes hoppa faktisk over 7 meter i godkjent vind under eigne leikar den 28. mai, men står framleis bokført med "berre" 6,84 i den offisielle statistikken.

No ja, men kva med våre eigne? Jo, ein del fekk faktisk årsbeste - i alle fall sesongbeste - som har gått oss hus forbi, av nemnde naturlege årsaker, og ein del har forbetra desse i løpet av stemna deretter.

Men:

Charlotte Harris (J12) har sitt beste kulestøt frå Ulvik. Det er på 8,19 (879 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) har sitt beste lengderesultat frå Ulvikaleikane: I perfekt vind (+2,0) blei det 4,73 på Kristian (876 poeng).

Cathrine Harris (J14) sin sesongbeste i lengde er frå Ulvik. Ho hoppa 4,65 (874 poeng). Det same gjeld for 100-meteren til Cathrine: 14,44 er den på frå dei indre delane av Hardanger (785 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) har me tidlegare skrytt av for innsatsen under Veidekkelekene på Lillehammer. Der hoppa ho mellom anna 4,57 i lengde, men no viser det seg at ho hoppa nøyaktig like langt i Ulvik (909 poeng).

Magnus Leikvoll (G16) sitt sesongbeste på 100 meter er frå Ulvik. Han sprang på 13,22 (741 poeng).

Då skulle me ha det.

Men, altså, Ulvik; éin månad er alt for lang tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar