lørdag 2. juni 2012

Framo dag 3: Høg WOW-faktor

Det var mykje "wow!" både på Fana Stadion og då eg på systematisk vis gjekk gjennom lørdagens resultatliste frå Framolekene. Her var igjen særs mykje å skriva heim om - eller skriva blogg om!:

WOW: Silje Stenersen (J12) knuste alt og alle på 1500 meter og kom seg under 5 minutt! Tida blei 4:59,58 og det er ein klubbrekord som kjem til å stå ei stund! (Den gamle hadde Renate Lie, på 5:09,24 frå 2010). Løpet er verdt heile 1092 tyvingpoeng! Det er desidert beste løpsprestasjonen i Gneist i 2012.


WOW: Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang 1500 meter i G15, blei knepent slegen av spurtsterke Vegard Austevoll frå Kalandseid, og kom i mål på 4:20,13. Med det pynta Henrik på eigen klubbrekord, sett i Haugesund for ei lita veke sidan og plukka med seg 1055 tyrvingpoeng!

WOW: Amund Høie Sjursen (G16) utklassa eit svært sterkt 60 meter-felt og sprang heilt ned på 7,27! Det gir heile 1035 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord! Amund kom seg også over 1,70 i høgde (874 poeng), som er identisk med UM-kravet i øvinga.

WOW: Maren Haugen Lillefosse (J14) fekk også 1035 tyrvingpoeng for sitt kjempesvev i lengde: 5,42 er ein kjempepers og det er ny klubbrekord. Den gamle (med planke) hadde Monka Benserud frå 2010 på 5,28. På 60 meter hekk blei det også eit knallresultat for Maren: 9,57 (1024 poeng) og på 60 meter blei det 8,28 (991 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G11) fekk denne gongen elektronisk tid (manuell i Haugesund sist helg) på 60 meter hekk. Det blei 10,41, som er verdt 1018 tyrvingpoeng og som er ny klubbrekord. Stian Norheim hadde den gamle utomhus, frå 2007, medan Pål sjølv hadde 10,55 inne i vinter.

Monika Benserud (J16) sprang 60-meteren på nøyaktig 8,00. Denne gongen var det godt innanfor godkjent vind. Det gir 1013 poeng og er 22/100 betre enn den gamle ute-klubbrekorden, sett av Benedikte Liland i 2003. (Monika har 7,94 frå innesesongen.)

Sondre Rinde (G14) melde seg opp i G15 og sprang 300 meter hekk der. Det gjorde han bra: 44,45 er verdt 1011 poeng og er under UM-kravet for 15-åringar.

Kristoffer Blücher (G13) sitt hekkeløp over 60 meter gjekk unna på 9,87 (986 poeng).

Anna Evensen (J12) slo til med heile 4,63 i lengde. Det gir 985 poeng og er berre 14 centimeter bak Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord frå 2008.

Eit nytt solid kastresultat blei det på Gjert Høie Sjursen (G12). Denne gongen blei det 25,54 i slegge (970 poeng), som er ny klubbrekord med 3kg/110cm-slegge.

Andreas Iden (G17) pynta på sesongbeste på 1500 meter, då han i seniorfeltet sprang inn på 4:15,47 (933 poeng).

Sanne Lillevik Christensen (J12) hoppa 4,19 i lengde (892 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 60 meter hekk på 10,34 (892 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) hoppa 4,44 i lengde (882 poeng).

Håvard Våge Opheim (G16) sneik seg under 8 sekund på 60 meter; 7,98 (843 poeng). Håvard hoppa også 1,60 i høgde (804 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 300 meter hekk på 45,24 (841 poeng).

Charlotte Harris (J12) fekk 3,88 i lengde med godkjent vind (827 poeng), medan det blei fine 4,01 i for mykje medvind (+3,5).


Håvard Rinde (G11) hoppa 3,68 med godkjent vind i lengde, som gir 826 poeng (3,85 i for mykje medvind på Håvard).

Cathrine Harris (J14) sprang 60 meter på 8,91 (821 poeng).


Hans-Magnus Haukøy (G11) sprang 60-meteren på 9,50 (811 poeng).

Herman Hovland (G13) plukka med seg nøyaktig 800 poeng for sin 60 meter på 8,74.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar