søndag 10. juni 2012

KM dag 2: Sommar på Fana Stadion

KM meg her og meg der, lørdag var det no den veldige sommarkjensla som prega oss på Fana Stadion. Du veit, det er no ikkje sommarver og sommarvarme me har mest av me som har til vane å besøka Fana Stadion og omland det aller meste av året. Så lørdag var det berre å nyta det!

Men opptil fleire presterte i varmen også:

Kristoffer Blücher (G13) slo til med eit nytt storløp, lørdag blei det 29,67 på 200 meter hekk (1091 poeng). Det er knappe to tidelar betre enn Sondre Rinde sin gamle klubbrekord. Kristoffer sprang også ned til 7,93 på 60 meter (1018 poeng) - og det er 1/100 bak Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord.

Maren Haugen Lillefosse (J14) sprang ein strålande 200 meter hekk på 30,64. I skrivande stund manglar løpet vindmåling. Eg reknar med at det kjem på plass etter kvart. Tida er berre 6/100 bak Monika Benserud sin to år gamle klubbrekord.

Og då tok det berre éin dag til før Gjert Høie Sjursen (G12) også i år blei kast-representanten i 1000 poengs-klubben. Det klarte han med 32,73 i diskos (1009 poeng). Det er også betring av Gjert sin eigen klubbrekord. Gjert hoppa også 4,17 i godkjent vind i lengde (4,31 i for mykje medvind), noko som gir 844 tyrvingpoeng.


Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa 4,52 i lengde (994 poeng).

Anna Evensen (J12) pynta på persen sin i lengde til sterke 4,66 (991 poeng). (Ho nærmar seg stadig Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord på 4,77.)

Sondre Rinde (G14) vann heatet der Kristoffer Blücher sprang så fort i G13 på 200 meter hekk. Det gjekk såleis endå fortare med Sondre; 29,43 (986 poeng). Rettnok fortel dei første resultatlistene at Sondre i dag heitte "Arnstein Borge" og representerte "Osterøy IL". Det skjer eitt døger etter at Sondre var blitt til Henrik og Henrik til Sondre på 200 meter. No ja.

Emil Engelsen Holm (G15) held fram framgangen på 200 meter og er no topp 3 i Norge, etter lørdagens løp på 24,40 (966 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) presterte 4,34 i lengdegropa (958 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) hoppa 4,50 i lengde (895 poeng).

Espen Bjørndal (G12) oppnådde sesongbeste i høgde med 1,35 (895 poeng).

Cathrine Harris (J14) sprang 60 meter på 8,83 - førebels utan vindmåling på mi resultatliste. Sesongbeste blei det i lengde på Cathrine, med 4,62 (867 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang ein 800 meter ganske etter planen og hamna på sesongbeste på 2:06,64 (880 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) hoppa 4,56 i lengde (842 poeng).

Anders Bjørndal (G17) tapte duellen med Aleksander Lie på 800 meter med 4/100, men på den andre sida betra Anders persen sin med 1/100 - frå 2:06,69 til 2:06,68 (834 poeng).

Thomas Blücher (G12) pynta på tida si på 60 meter - den blei på 9,03 (829 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J15) sprang inn til 2:31,55 på 800 meter (804 poeng), i ein tett duell med Anna Serine Røssland, som enda på 2:32,03, begge tidene er sesongbeste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar