torsdag 21. juni 2012

Godt i gang på Lillehammer

Då er Veidekkelekene på Lillehammer i gang. Det har vore ein varsam start i dag, torsdag, og så rullar det på med fleire øvingar dei tre neste dagane.

Brørne Håvard (G11) og Sondre Rinde (G14) leverte to gode 200 meterar første dag: Håvard persa solid, til 30,55 (885 poeng), medan Sondre persa nett så vidt, med eitt hundredel, til 25,25. Rein statistisk var det eit viktig hundredel: Tida er nemleg identisk med klubbrekorden til Espen Liland, frå 2003, så no er det altså to som deler den.

Ingrid Næss Johansen (J15) varta opp med ein god 1500 meter: 5:04,08 er pers med gode to sekund (891 poeng), det er også tredje beste tida i landet så langt i 2012, bak dei to som kom framfor ho på Lillehammer torsdag kveld.

Til sist: Jørgen Austvik, BFG, sprang sin beste 1500 meter sidan seinsommaren i fjor, då han kom i mål på 4:08,03. Det er beste 1500 meter i BFG så langt i år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar