mandag 18. juni 2012

10 000 til Gneist - sensasjonelt bra!

Gneist var suverent beste klubb under Tyrvinglekene - ser ein bort frå arrangørklubben, som ikkje er med i lagkonkurransen. Gneist fekk 271 poeng, medan Norna-Salhus på neste plass hadde "berre" 177. Avstand: 94 poeng! Fjorårsvinnar Sandnes var 111,5 bak Gneist i år!

For sigeren i Tyrvinglekene fekk Gneist med seg ein stor, flott pokal.

Men den sensasjonelle meldinga er at Gneist også har vunne - suverent også her! - samanlagkonkurransen for Romerikslekene og Tyrvinglekene. Grunnen er først og fremst nettopp den enorme sigeren under Tyrvinglekene. For under Romerikslekene hadde Gneist éin - 1 - deltakar, Monika Benserud. Rettnok gjorde Monika det framifrå på Lillestrøm siste helga i mai, men tenk om Mailekene-gjengen hadde vore på Lillestrøm i staden: Då hadde "utklassing" blitt eit for mildt uttrykk.

For sigeren i totalkonkurransen får altså Gneist 10.000 blanke kroner!

BUL på 2. plass er 92 poeng bak Gneist, Norna-Salhus på 3. er 107 poeng bak.

Årets Gneist-tropp er den desidert sterkaste i moderne tid - og vel så det, ingen tvil om det. Og hugs også at Gneist ikkje har ein einaste senior-utøvar, ja heller ingen utøvarar i 18/19-klassen. (Også i år var Ole Martin Røssland eldste i troppen: 17 år og fire månader gammal.)

Oppslag og oversikter over slutt-stillingar i lagkonkurransen finst her.

2012: Den segnomsuste året!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar