lørdag 16. juni 2012

Tyrving dag 1: "helt kanon"

(Nadderud/Nittedal): Ok, eg veit eg missa "Før Tyrving-bloggen", men då me kom til Nittedal torsdag tordna og lynte det og planen om full gjennomgang forsvann i dei mørke skyene like ved marka her i Nittedal. Fredag føremiddag braut breibandet i huset saman, så då får me i staden ta full gjennomgang etter første dag.

Og det er jo rimeleg å sitera Torstein sin velkjente uttrykk "helt kanon!!!" for å skildra mykje av det som hende dag 1:

Henrik Irgens Gravdal (G14) held fram med å skriva seg inn i historiebøkene. Denne gongen senka han persen til 1:27,72 (nesten tre sekund ned). Det var eit fantastisk gjennomført løp - verdt 1085 poeng. Og naturlegvis er det klubbrekord - det var jo betring av Henrik sin eigen.

Stian Øvergaard Aarvik (G15) melde seg inn i 1000 poengs-klubben med hinderløpet sitt under Framolekene. Fredag tok han også med 2000 meter i samlinga: Det blei 6:02,92 og 1009 poeng.

Andreas Iden (G17) følgde opp ein solid 5000 meter under KM, då han sneik seg under 9 blank på 3000 meter for første gong og persa på distansen for første gongen sidan våren for to år sidan. Tid: 8,59,54 - og dermed blei det også 1001 poeng.

Jamt 1000 poeng oppnådde Marianne Benserud (J17) for sitt stavhopp på 3,20. Marianne har 3,32 frå innomhus-sesongen, men 3,20 er beste resultatet oppnådd ute av ei 17års-jente i Gneist-historia.

Silje Stenersen (J12) er i kjempeslag før helgas største mål; 1500 meter søndag. Fredagen blei det nemleg ny pers på 600 meter, med 1:45,69 (verdt 983 poeng).

Naturleg nok blei dagens høgdepunkt for bloggaren Anna Serine Røssland (J15) sitt bronesløp på 2000 meter. Tida 7:01,47 er verdt 938 poeng og er pers med ti sekund frå løpet under Framolekene.

Broder Ole Martin Røssland (G17) gjennomførte sitt første baneløp sidan Opningsstemnet 8. mai. Berre det var jo gildt. 9:30,79 er sesongbeste, verdt 916 poeng.

Håvard Rinde (G11) braut 4-meters grensa i lengde  og hoppa 4,02 (894 poeng).

Magnus Leikvoll (G16) tangerte persen i høgde, på 1,70 (874 poeng).

Og endeleg må me ta med Ingrid Helene Nyhus (J15), som sprang 3000 meter i J16. Det enda både med sølv og med pers med nøyaktig to sekund: 10:44,03.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar