mandag 4. juni 2012

God sommar med Team PU

Sommar her vestpå, det er det når kalenderen fortel det. Mandag kveld inviterte Gneist til historiens første "Sommerkarusellen" i eigen regi. Det skjedde i ikkje så veldig mange gradene og i pistrande regn. "Gode springeforhold", var hovudkommentaren frå temmeleg blide deltakarar, som talde om lag 225.

Team PU debuterte også med sin første offisielle stafett. Det store forbildet her er Lauf Club 21 i Tyskland si deltaking i maratonstafettar rundt om i dei store tyske byane. Den klubben er så stor at ein kan dela opp ein heil maratondistanse og få gjennomført den som lag.

Me starta såleis varsamt i Team PU, med 5 km - og med drahjelp frå våre eigne assistentar Vilde Omholt og Anna Serine Røssland, i tillegg til Heine si veslesøster, Selma.

Alle utøvarane la i veg med full konsentrasjon, fokus og iver. Nicholas med konkurranseinstinktet var naturleg startmann. Han gav pinnen vidare til Fredrik, som la i veg nedover fortauet mot Fanaveien. Over fotgjengarovergangen nede i krysset var det Mathias som overtok. Han forserte brua over vegen og neste fotgjengarovergang, der Gina overtok pinnen. Ho sprang som vanleg godt og leverte pinnen til si gode venninne Martine. Martine blei heia fram mot Byggern. Her overtok Anna Serine pinnen. Ho la i veg heilt opp til Stend, der først Selma sprang ein etappe ved Stend stasjon, før Vilde sprang ei lengre etappe "på heimveg". Ho stoppa ikkje før ho fann Nkomba om lag 500 meter før mål. Nkomba hadde venta tålmodig på pinnen og langa av garde. Heine var nestemann ut - og iveren stod i stil med at det no nærma seg målgang: Han gav pinnen til ankerjenta Sofie, som i fin stil sprang i mål ved Byggern.

Tida blei 29 minutt og 53 sekundar, som er ein kjempeprestasjon.

Også Andreas og Ole Martin var nødvendige bidragsytarar, saman med foreldre-ledsagarar, for at denne debuten blei så vellykka som den blei.

Her er den blide gjengen. Legg merke til Nkomba sin "Usain Bolt": Only the sky is the limit (og knapt nok den)...:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar