mandag 18. juni 2012

Tyrvinglekene dag 3: Essa i ermet

Gneist har gjennomført fantastiske tyrvingleikar. Eg har ikkje heile klubboversikten her eg sit - tilbrakte søndagen i bil - men Gneist dominerte overalt under friidrettens største stemne. Sist eg registrerte lagstillingen i Tyrvinglekene isolert (det er jo no primært ein kombinert lagkonkurranse mellom Romerikslekene og Tyrvinglekene og under Romerikslekene stilte me "berre" med Monika Benserud), ja så leia Gneist suverent av laga utanom arrangørklubben.

Søndagen då? Jo, ein ny serie av fantastiske resultat av nokre av Gneist sine fremste ess:

Først og fremst sprengte Silje Stenersen (J12) tyrvingskalaen, då ho på 1500 meter i Jenter 13 tok andreplassen og pressa persen ned frå 4:59 til 4:56,09. Det er verdt heile 1113 tyrvingpoeng for 12-åringar! (Naturlegvis betring av Silje sin eigen klubbrekord.)

Også Henrik Irgens Gravdal (G14) flyttar nye grenser på same distanse, 1500 meter. Frå før hadde Henrik fenomenale 4:20, men kva skal me då seia om 4:17,83 som blei vinnartida søndag? Den er verdt 1071 tyrvingpoeng, er 12. beste i klassen gjennom alle tider i landet og tredje best i Hordaland - berre rundt to sekund bak kretsaldersrekorden. (Det seier seg då sjølv at det også er klubbrekord, altså betring av Henrik sin eigen.)

Anna Evensen (J12) er flink til mykje, men framfor alt er ho suveren på korthekken: På 60 meter hekk blei det 10,18 siste tyrvingdag (1060 poeng). Dermed har Anna også klubbrekorden åleiene, etter at ho har delt den ei lita stund med Maren Haugen Lillefosse (10,24).

Kristoffer Blücher (G13) sprang sin korthekk - 60 meter - på 9,51. Det er verdt 1058 poeng.

Også Pål Haugen Lillefosse (G11) avslutta eit framifrå stemne med 60 meter hekk. 10,22 blei det på Pål. Pål var ein ny i rekka som betra eigen klubbrekord (frå 10,36).

Renate Lie (J14) kom seg under 5 blank på 1500 meter: 4,55,29 er den nye persen på (998 poeng).

Og Vilde Lund Bjørnsen (J16) sprang ein fin 400 meter i J17. Tida blei 58,95 (994 poeng).

... Og så er spørsmålet om Gneist med dette har nådd toppen eller om denne fantastiske rekka kan toppast neste juni?...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar