søndag 3. juni 2012

Framo dag 4: hyllest

Då er Framolekene over for denne gongen og det er på sin plass med ein liten hyllest til Norna-gjengen som har klart å gjennomføra på fint vis igjen - og denne gongen med vaktmeistrar og haugevis med andre i streik. Vel blåst!

Og hyllest er det også på dag 4 mange Gneist-utøvarar som fortener:

Først tar me med eit nytt kanonløp av Amund Høie Sjursen (G16), denne gongen på 100 meter. Det blei 11,32! - men denne gongen var medvinden for sterk (+3,1), men likevel; det var rein utklassing av svært sterke sprintarar i G16-klassen. I lengde var det også for mykje vind på lengstehoppet (6,63), men 6,51 med godkjent vind er likevel særs godt (1022 poeng). Den gamle klubbrekorden i lengde var på 6,44 og var frå 1988/1979...

Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (J16) sprang eit sterkt 100 meter-løp, med høvesvis 12,58 (1027 poeng) og 12,69 (1009 poeng) som resultat.

Imponert blei me også av kometen Michelle Floor Heggeland (J13) på 100 meteren. Den gjekk unna på sterke 13,47 (988 poeng) - og no er ikkje avstanden ned til nemnde Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord veldig stor (13,32). På 600 meter blei det 1:50,21 på Michelle (802 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G11) sprang 40 meteren på 6,41. Det er ein særs bra prestasjon, verdt 996 tyrvingpoeng, men det er framleis 7/100 ned til Mats Bjørndal sin klubbrekord... I kule blei det 8,68 på Pål (890 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang på 9:01,61 på 3000 meter (949 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) støtte kula til 10,42 (947 poeng), som også er gjeldande klubbrekord i G12 med 3kg-kula.

... og rykta frå innomhus- og terrengløpsesongen om at den sterke mellom- og langdistansetrioen i 97-årgangen mellom jentene var blitt redusert til ein duo, må vel sjølv ein inhabil bloggar få lov til å slå fast no at var monaleg overdrivne: Trioen lever i beste velgåande, med Ingrid Helene Nyhus som spydspissen og med Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland (berre) eit lite steg bak. Ingrid Helene sprang 2000 meter på 6:59,18 (947 poeng og betring av Ingrid Helene sin eigen klubbrekord frå innesesongen, på 7:01,47), Ingrid kom i mål på 7:11,14 (899 poeng) og Anna Serine på 7:11,50 (898 poeng).


Håvard Rinde (G11) hoppa 1,30 i høgde (944 poeng), sprang 40 meteren på 6,61 (926 poeng) og støtte kula til 8,95 (907 poeng).

Stian Norheim (G16) sa seg ikkje heilt nøgd med 3000 meter-løpet sitt på 9:47,23, men uansett er Stian med det klar for UM på distansen og det er no verdt 904 tyrvingpoeng då.

Andreas Iden (G17) sprang denne gongen i seniorklassen på 3000 meter. Det enda med 9:27,81 som resultat (924 poeng).

Herman Hovland (G13) imponerte på 100 meter, då han sprang på 13,44 (891 poeng).

Cathrine Harris (J14) støtte kula til 8,67 (872 poeng).

Søster Charlotte Harris (J12) sitt kuleresultat blei på 8,08 (868 poeng).

Espen Bjørndal (G12) kom seg over 1,30 i høgde (860 poeng).

Eirik Henriksen Karstad (G17) sprang ein fin 400 meter, på 55,03 (858 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 400 meter på 56,10 (856 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 600 meter på 1:40,53 (843 poeng).




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar