søndag 24. juni 2012

Sprintspurt på vårsesongen: Lillehammer dag 4

Medan eit par av medaljevinnarane under Veidekkelekene var på Camp Basement i kjellaren i Søvikheia og hadde full utladning etter vårsesongen, ja så var det framleis Gneist-utøvarar på plass også siste dag på Stampesletta. 

Her var det først og fremst 100 meter det galdt: 100 meter - og ikkje minst 100 meter-finalane er ein klassikar søndagen under Veidekkelekene.

Aller sprekast var Monika Benserud (J16) som i finalen kom seg heilt ned på 12,46; ein fin ny pers. Det gir 1046 tyrvingpoeng og er nest beste 100 meter-løpet også i BFG denne sesongen. Det seier faktisk sitt; på sprint for kvinner er nivået temmeleg godt i BFG.

Sondre Rinde (G14) fekk fullklaff søndag: Først persa han i forsøka med eitt hundredel - til 12,55, før han slo til med 12,43 i finalen. Det gir 986 tyrvingpoeng og det slettar Espen Liland sin 9 år gamle klubbrekord med elektronisk tidtaking (Geir Fjære har 12,1 manuelt frå 1973).

Marianne Benserud (J17) pynta på si tid på 100 meter også. Ho sprang på 13,57 (i god motvind), noko som gir 844 poeng. Det var også habile løp av dei andre Gneist-jentene i G17; Maren Risøen, som sneik seg under 14 blank (13,99) under godkjende vindforhold og Tina Therese Jenssen, som fekk 14,27.

Då er det ein pust i bakken før dei større stemna er i gang igjen. Og takk for det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar