onsdag 24. august 2016

Klubbrekordar

Klubbrekord-oversikten senior og U20 er no "oppdatert". Hermeteikna inneber at oppdateringa baserer seg på resultata som har nådd den offisielle, elektroniske statistikk-databasen. Her manglar det framleis ein del gode resultat frå lokale stemne i det siste. Men dei kjem på plass dei også, med tid og stunder.

Anne Skudal Dolvik har hatt ein eventyrleg sesong i come backet i Gneist-trøya. På 100 meter sletta Anne den 29 år gamle (!) klubbrekorden til Kjersti Ristesund (Bjørndal) under eit sommarstemne på Bislett i juli. Den nye rekorden er på 11,90, Kjersti si tid frå 1987 var på 12,03.

På 200 meter og 400 meter har Anne pynta på eigne rekordar: På 200 meter blei den kraftig forbetra, også det på Bislett, til 23,89. Den nye rekorden på 400 meter (igjen er det Bislett som er favoritt-arenaen) er på 55,03.

Monika Benserud har betra eigen tresteg-rekord (KS og U20) frå 12,66 til 12,81. Det skjedde under junior-NM på Brandbu.

Til sist: Henrik Irgens Gravdal betra også eigen rekord (MS og U20), då han sprang 600 meter på 1:22,22 på Osterøy midt i juli. Tidlegare hadde Henrik 1:23,03.

Brandbu 2016

Det er nesten ikkje muleg å skildra den suksesshistoria som årets Sommerleker på Brandbu i Oppland blei for Friske Viljer. Etter at Kaj på glitrande vis åleine hadde representert gruppa i 2014 og 2015, så blei deltakinga åttedobla dette året - vårt jubileumsår. Me fekk ei rekkje strålande resultat, haugevis med edelt metall og topp innstilling gjennom heile helga.










Sofie var einsleg svale på jentesida. Ho representerte oss på eminent vis, sjølv om me - av fleire ulike grunnar - treng fleire jenter med neste år! Spesielt på 60 meter presterte Sofie veldig godt, med to optimale løp - og med superpers søndagen.


På 60 meter for gutane slo Trygve til med smått utrulege 8,0 søndag, men det var lett å sjå at dette var eit løp der alt klaffa for Trygve. Både Adrian og Erik sneik seg under 11 blank, Henrik - som feira sine 13 år på Hadeland - og Heine persa også solid og er no godt nede på 11-talet.


Trygve hadde også sin debut på 100 meter og Kaj sprang sterkt på same distansen, rundt tangering av pers (elektronisk tidlegare, manuelt denne gongen).


I lengde strekte Trygve seg til 4,17 lørdag og er dermed - saman med Kaj - vår andre 4 meters-mann. Henrik og Frode hoppar omtrent like langt og god forbetring også for Heine i lengdegropa.


Frode støtte tyngre kule enn han nokon gong har gjort før, i ein kulekonkurranse som blei uhyre jamn og spennande og der Kaj var 2 centimeter bak sigeren.


I liten ball var det Heine som slo til med nesten 30 meter (28,70) - fin pers også på Henrik her.


Gruppa har vore med karusell-stafettar frå Fana Stadion i fleire år, men søndag blei ein merkedag - med debut på 1000 meter stafett. Me stilte med to lag, alle var altså med - og fantastisk innsats og topp plasseringar på begge laga!: Henrik (100 meter), Frode (200 meter), Kaj (300 meter) og Trygve (400 meter) på det eine laget - og Sofie (100 meter), Erik (200 meter), Heine (300 meter) og Adrian (400 meter) på det andre.




Svær helg . Eg har tårer i augo framleis.



onsdag 13. juli 2016

Rekord-magazinet 13. juli 2016 (Georgia on My Mind)

Vel, det handlar mest om Göteborg og eit par ulike stader i Finland sånn eigentleg - sidan sist, men ein av våre heltar for tida, Gjert Høie Sjursen, er å finna i Tblisi, Georgia, for U18-EM, så då så. Det var eit par nesten-ar i kvalifiseringa til internasjonale meisterskap dette året, noko som gjer Gjert sin prestasjon endå viktigare. Dette blir spennande. (Naturlegvis er dette eit heilt anna Georgia enn Ray Charles sitt - for ikkje å seia Willie Nelson sitt, men slikt er ikkje viktig.)


Vel, vel sidan sist:

Andreas Haara Bakketun sprang på sterke 9,27 på 80 meter under Världsungdomsspelen i Göteborg. Dermed tok han tilbake rekord/bestenotering på i alle fall éin distanse frå klubbkompis Pål Haugen Lillefosse (9,30 tidlegare i år).

Pål Haugen Lillefosse har brote to fantastiske grenser for ein kar på 15 år og ein månad - begge deler fann stad i Finland: Først blei det under 11 blank på 100 meter, i eit stemne i Rihimäki. 10,98 (!) er ei betring frå 11,22 frå Framolekene. Deretter svinga han seg over 5 meter - 5,01 - i stav i Somero. 5,01 er berre 14 centimeter lågare enn det Eirik Dolve oppnådde i si EM-deltaking i Amsterdam nokre dagar seinare. Dette er ikkje for å vera negativ mot hr. Dolve, meir for å seia at ein 15-åring nærmar seg senior-EM- nivået.

Og så, Gjert Høie Sjursen, som betra seg i lengde under Världsungdomsspelen til 6,57 (frå 6,38 i Huddinge under Nordisk i mangekamp for ein månad sidan). Dermed er Gjert berre 14 centimeter bak G16-klubbrekorden til broder Amund - som to år deretter representerte Norge i junior-VM (U20) - i lengde. Så er det no nemnt.



onsdag 6. juli 2016

Rekord-magazinet 6. juli 2016 (God Bless the Absentee)

Min gamle ven Paul Simon har ein song med denne tittelen - God Bless the Absentee. 

Ja, den finst på YouTube.

Den handlar om å vera fråverande, å vera for travel med det ein held på med og det å vera borte - borte frå det heime.

Vel, vel. Eg har tidlegare nemnt at det i år var ni år sidan eg ikkje var på Tyrvinglekene, det var også sju år sidan eg ikkje var i Göteborg under Världsungdomsspelen. I tillegg har eg vore både her og der i løpet av ein vanleg friidrettssesong, i tilegg til at eg har vore ein absentee også medan eg har vore heime, med statistikkføring til langt på natt opptil fleire dagar/netter i veka.

Vel, tidene har endra seg, dei gjer gjerne det.

Eg har vore litt absentee då, om ikkje på friidrettsk vis - med kontinuerleg konsertturné på gang (tilskodar, altså). No prøver eg å følgja med på EM i Amsterdam i staden. Det er ei flott oppfinning - EM, og EM annakvart år. Og heldigvis har Norge her ein annna politikk enn til OL, her er det muleg å vera med og få erfaring internasjonalt. 51 utøvarar stiller Norge med, og fleire har alt markert seg positivt.

Det er bra.

Vel, dette er eit lite blikk på ting som har skjedd på seniornivået i Gneist sidan sist:


Anne Skudal Dolvik sette ny pers og ny klubbrekord på 400 meter, først på Bislett 24. juni (55,24) og deretter under Världsungdomsspelen 2. juli (55,19). Dette var tredje rekorden på distansen for året: frå før hadde ho 55,36 på Hamar 18. mai.

Maike Verhofstad betra si 800 meter-tid ein ny gong, då ho sprang på 2:20,25 i Strandebarm. Det var nesten sekundet betre enn gamlepersen, frå Framolekene.

Vegard Albrigtsen pynta på si 800 meter-tid, frå 1:58,16 (Framolekene i år) til 1:57,90 - under friidrettsfestivalen i Hardanger.

Andreas Haara Bakketun persa på 200 meter under Veidekkelekene på Lillehammer til 22,64. Dette var tidelen betre enn han sprang under Tyrvinglekene på Nadderud, og eitt hundredel betre enn innepersen frå UM i Steinkjer. Andreas sprang også rasande fort på langhekken i Göteborg, noko eg får koma tilbake til under ein meir systematisk gjennomgang av aldersbestemte prestasjonar.

Thomas Blücher betra sin 800-pers med sekundet i Strandebarm, frå 2:01,91 (Framo i år) til 2:00,87.

Henrik Irgens Gravdal kjem alltid tilbake, nett som han piraten, de veit. På Bislett blei det 3:53,18 på 1500 meter, tidenes 3. beste tid i seniorsamanheng i Gneist, halvtanna sekund betre enn gamlepersen og sletting av Petter Kleppe sin 36 år gamle (!) klubbrekord i G18 (3:56,0).

Hans-Magnus Haukøy, sist høyrt ifrå i varmen i Texas, sprang - på toppen av fleire sterke løp i år - under 2 blank under Strandebarm-turen i juni. Nyepersen på 800 meter er 1:59,63.

Endeleg kunne eg fjerna fotnota til Pål Haugen Lillefosse i stavsprang, den om at han hadde hoppa høgare i "før-senior-alder". For i Finland i slutten av juni svinga han seg over 4,95 (4,80 inne i vinter og 4,83 ute i fjor)!

Håvard Rinde, den kjende spydkastaren, sprang ein solid 400 meter i Strandebarm, der han utepersa frå 58,57 til 56,71 (!). Håvard har faktisk heilt ned på 56,11 som inne-tid på distansen.

Jens Larsen Åstveit slo til med eit kanonløp på 1500 meter under Boysen Memorial på Bislett på St. Hans (-dagen). Jens sprang på 3:50,58, og med det slo han sjølvaste Frida Berge-pappa Hans Jakob sin klubbrekord, sett tilbake i 1979, med nesten to og eit halvt sekund! Den gamle klubbrekorden i G19 var det Rodgeir Vigestad som hadde (3:55,49 frå 1983), så her var det sterke namn, med historisk Gneist-sus, som blei sett på plass. Jens sprang også 800 meter til ny pers i Strandebarm  til 1:55,20 (frå 1:55,56 under Framolekene).


torsdag 23. juni 2016

Rekord-magazinet 23. juni 2016 (Huddinge, Huddinge)

Dette har hendt (i alle fall):


Emma A. Voldsund sette ny klubbrekord i diskos (0,75 kg) i J13 onsdag (den var ledig). Diskosen landa på 22,77.

Pål Haugen Lillefosse betra klubbrekorden i Gneist i stav i Stockholm nyleg, då han hoppa 4,70 (opp frå 4,66), men framleis er det 10 cm under persen, men det nærmar seg også den.

Torleiv Bakke Lygren held fram med å debutera/persa. På karusellstemnet på Fana Stadion onsdag blei det debut/pers både på 100 meter (12,26) og 300 meter (40,27).

Gjert Høie Sjursen har gjort mykje, som den mangekjemparen han er. Han har sett ny klubbrekord i G16 på 110 meter hekk (91,4) med 14,42 (betring av eigen rekord). Då Gjert deltok i Nordisk i mangekamp i Huddinge i Sverige tidlegare i juni, blei det fleire persar. På 400 meter sprang Gjert på 55,07 (55,84 frå UM i Nittedal tidlegare i år). På 1500 meter knuste han persen frå Nittedal i mai: Han sprang på 5:19,91, mot 6:06,82 sist. Det blei utepers i høgde på 1,62 (1,58), det same blei det i stav med 3,08 (2,80 - Gjert har 3,10 inne). I lengde blei det solide 6,38, ei persbetring frå 6,26 under ute-UM på Lillestørm i fjor.

(som mange veit, så laga Mikael Wiehe/Hoola Bandoola Band ein song som heiter "Huddinge, Huddinge" ein gong for lenge sidan. Den handlar vel om spriket mellom det me skulle bli og slik livet blei. Så er det nemnt. Alle dei som har lyst til å høyra Wiehe i ein meir oppdatert versjon, kan hiva seg over denne lenka.)

Jakob Jamt Ånonli sprang sin første - trur eg - 300 meter onsdagskvelden. Debuten blei såpass brukande som på 37,67.







søndag 12. juni 2016

Tyrving - dag 3

Først ei intern melding til Anders Bjørndal: Under Voss Cup blei ein Bugatti 360 med originale Opel-striper observert. Slå den!


Så, til Tyrvinglekene dag 3:

Andreas Haara Bakketun sprang på knallsterke 11,18 i finalen på 100 meter i G15 - men dessverre med +2,2 i medvind.

Nemnde Anders Bjørndal persa på sin 400 meter, til 51,42 (frå 51,72), noko som er under kravet til junior-NM i U23.

Kristoffer Blücher småpynta på sin alt sterke pers på 400 meter - frå 50,67 til 50,64.

Thomas Blücher flytta den ferske persen sin på 400 meter ned frå 54,14 til 53,87.

Pål Haugen Lillefosse vann 100 meter i G15 med fantastiske 11,00 - men dessverre med +2,2 i medvind.

Torleiv Bakke Lygren debuterte på 400 meter med 57,95 som resultat.

Tyrving - dag 2

Voss Cup dag 2: To sigrar i svært tette og spennande oppgjer: 2-1 og 1-0.


Tyrvinglekene dag 2:

Anna Evensen persa på sin 200 meter, til 27,76.

Det er verdt å minna om at Andreas Haara Bakketun spring fantastisk fort, sjølv om han for tida kjem litt i bakgrunnen av klubbkompis Pål. På 200 meter lørdag blei det ny solid utepers med 22,74 (han har 22,65 frå inne-UM).

Det er sagt, skrive og filma mykje om familien Ingebrigtsen i det siste, men kva med familien Lillefosse? Ein treng gjerne ei motvekt med den langt meir smålåtne fitjarbuen som patriark. For avkommet presterer  alle fall på høgt nok nivå. Stavhopparen Pål Haugen Lillefosse er velkjent i inn- og utland. Lørdag sprang han 100 meter hekk og 200 meter på nasjonalt bestenivå i G15: 13,16 på hekken og 22,34 på 200 meter!

André Seliussen sprang ein sterk 800 meter og flytta persen ned til 2:11,30.

Eg noterer like så godt ein klubbrekord på dei fire sterke 13-åringane på laget i 13/14-klassen på 4 x 60 meter stafett. Tida, 32,80, er berre eit knepent halvsekund bak klubbrekord med også 14-åringar, men dette laget hadde altså berre 13-åringar med, så då. Det bestod av Emma A. Voldsund, Una Haukanes (som også imponerte med 5,03 i lengde!), Emma Dahl Sørbo og Hilda-Lovie Riisnes Riise.