Også lørdagen blei det eit par strålande resultat sett med Gneist-auge:
Best av alle var ei som var på snar-visitt, Renate Lie (J14), som sprang ein svært sterk 400 meter i Jenter 15-klassen. Ja, ho vann like så godt heile konkurransen. Det gjorde ho på 60,15. Det er ei tid som både er verdt 1055 tyrvingpoeng i J14-klassen og - ikkje minst - er sletting av Nanna Gjerde sin 39 år gamle klubbrekord (!). (Den var på 60,5.)
Sondre Rinde (G14) sprang også i klassen over lørdag. Det gjorde han på 100 meter hekk - nett som han gjorde det på Nadderud. Det blei også for Sondre ein flott siger - og ei flott tid: 14,70. Dessverre var det denne gongen 2,5 i medvind. På 60 meter var Sondre langt heldigare: Her blei det først pers på 7,95 i forsøket, før han slo til med 7,89 i finalen (962 poeng). (I kule blei det 9,69 på Sondre - 726 poeng.)
Og så er Michelle Floor Heggeland (J13) også komen på plass på Lillehammer. Ho betra seg på 60 meter, til 8,54 (962 poeng), under glitrande vindforhold (+1,9), og i lengde blei det 4,57 (909 poeng).
Håvard Rinde (G11) fekk heilt optimale vindforhold i a-finalen på 60 meter: Der blei det super-pers på 9,08 (altså i +2,0), som gir 924 tyrvingpoeng (ei poengforbetring på over 100).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar