lørdag 2. juni 2012

Framo dag 2: Mykje godt i kulden

Ein kald sommar har lagt seg over store delar av landet, også på Fana Stadion. I følgje temperaturmålaren like under vindauget til Stein Fossen var det 11 grader under 800 meterane seint fredag kveld. Det var i så fall dei kaldaste 11 gradene underteikna har opplevd på ei stund...

No ja, mange gode løp, svev og kast blei det trass i dette:

Vilde Lund Bjørnsen (J16) fekk svært tøff kamp med Naomi van den Broeck frå Hovding på 200 meter, men 25,97 er uansett eit solid løp såpass tidleg i sesongen for Vilde. Løpet er verdt 1014 tyvingpoeng.

Spenstkongen Pål Haugen Lillefosse (G11) noterte seg for 9,24 i tresteg og passerte med det 1000 poeng også i den øvinga (1004).

Også Kristoffer Blücher (G13) meistrar tresteg: 11,04 gir 994 poeng.

Nøyaktig like mange poeng blei tildelt Monika Benserud (J16) for løpet på 80 meter hekk; 12.24 blei tida. I tresteg blei det 11,25 (935 poeng). Også i stav blei det sesongbeste på 2,73 for Monika (852 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) nærmar seg 1000 poeng i tresteg; med 9,12 blei det heile 992 poeng. (Rettnok manglar resultatlista førebels vindmåling, men dei andre resultata i klassen tyder i retning av godkjent vind.)

Ei anna som svevde langt i tresteg-gropa var Sanne Lillevik Christensen (J12): Det blei 9,10 på henne i ei øving der vindforholda skifta ein god del. Hoppet gir 960 tyvingpoeng.

Gjert Høie Sjursen (G12) kasta 30,29 i diskos, noko som er verdt 957 tyrvingpoeng og klar betring av klubbrekorden med 0,75 kilos diskos.

Sondre Rinde (G14) hoppa denne gongen 11,53 i tresteg (953 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) hadde ein flott innesesong etter overgangen frå Kalandseid og no er ho i gang igjen: Med 28,71 på 200 meter plukka ho med seg 921 poeng.

Håvard Rinde (G11) fekk opp 8,41 i tresteg (921 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) hoppa 10,13 i tresteg, som er sesongbeste og gir 903 poeng.

Stian Øvergaard Aarvik (G15) persa på 800 meter til 2:11,12. Det er også under UM-kravet på distansen (2:12) og gir 871 tyrvingpoeng.

Charlotte Harris (J12) nærmar seg 8 meter i tresteg: Det blei 7,97 denne fredagskvelden (847 poeng).

G17-gutane Anders Bjørndal og Eirik Henriksen Karstad flyttar stadig persane på 800 meter: Anders er no komen heilt ned på 2:06,69 (834 poeng) og brått er ikkje UM-kravet på 2:05 så langt unna. Eirik sin nye pers er på 2:07,29 (823 poeng).

Herman Hovland (G13) pynta på si 200 meter-tid: 28,30 gir 804 poeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar