onsdag 27. juni 2012

Sju frå 97

Ein god gjeng med BFG-utøvarar tok turen til Lonevågen og stadion på Hatland, Osterøy, onsdag kveld. Ja, i praksis var dei vel BFG-arar alle, sjølv dei som står med "Gneist" og "Fana" i resultatlistene, all den tid dei (meir eller mindre) sprang i seniorheat.

Og då er det - med BFG-auge - først viktig å gratulera Thyra Hevrøy med plass i junior-NM i Sigdal om nøyaktig ein månad. Thyra debuterte på 3000 meter med sterke 11:16,43 - tre og eit halvt sekund under kravet. Med det er ho i tillegg den sjuande førsteårs-junioren av jentene som er kvalifisert! Det er sterkt i seg sjølv og det lovar uvanleg godt for framtida.

Så noterer me oss at Monika Benserud (J16) kom seg under 26 blank på 200 meter (25,96), men hadde for mykje vind i ryggen denne gongen.

Og så fekk Andreas Iden (G17) ein liten revansj mot kompis Anders Bjørndal på 800 meter, etter Tyrvinglekene - der rollene var bytta om. Andreas var sterkast på 2:04,97, godt og vel eit halvt sekund framfor Anders. Andreas har sprunge pittelitt fortare tidlegare, medan Anders - som var heilt nede på 2:04,09 på Nadderud, beviste at han har stabilisert seg på dette nivået på 800 meter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar