fredag 1. juni 2012

Framo i gang: ingen utøvar-streik

Medan dei driv og underheld seg med likt og ulikt i og rundt lokala til riksmeklingsfolket, så dreiv ein i staden med fornuftige ting på såkalla streikeråka Fana Stadion torsdag ettermiddag og kveld: Framolekene er i gang.

No blei det ein mjuk start, med litt spydkasting og hinderløp (og litt til), men det viste i alle fall at utøvarane ikkje har til intensjon å streika i helga.

Sterkaste prestasjonen stod Renate Lie (J14) for, då ho sprang i mål på 5:31,03 på 1500 meter hinder. Det er 4. beste tida i årsklassen gjennom alle tider og verdt heile 1041 poeng. (Men persen til Renate er halvtanna sekund betre, frå Framo i fjor...) Det er naturlegvis klubbrekord i J14. (Den gamle hadde Anna Serine Røssland, frå i fjor.)

Så kan me ønskja Stian Øvergaard Aarvik (G15) hjarteleg velkommen i 1000 poengs-klubben! Han debuterte på 1500 meter hinder på eit strålande vis, sprang på 4:47,26 og kapra seg 1004 poeng.

Meir erfarne hinderløparar er Aleksander Lie og Stian Norheim (G16). Dei hadde ein tett kamp på 1500 meter hinder og kom i mål på høvesvis 4:46,97 og 4:47,82 (961 og 957 poeng).

Og Anna Serine Røssland (J15) sprang sitt 5. hinderløp i karrieren. Denne gongen blei det 5:36,34 - pers med nesten fem sekund - og 970 tyrvingpoeng. Og medan Anna Serine mista klubbrekorden i J14 så tok ho ein ny i J15. Den gamle hadde Vilde Omholt, frå 2010.

Eirik Leikvoll (G14) pynta på sesongbeste i stav, til 2,83 (frå 2,82), verdt 870 poeng.

Gjert Høie Sjursen (G12) trivst godt på Framo, ikkje minst fordi kast-tilbodet er særs godt her. Torsdag blei det 30,23 i spyd (841 poeng).

Håvard Rinde (G11) kasta spydet nesten 24 meter - 23,99, noko som er verdt 807 poeng (etter oppdatert tyrvingtabell; Norna opererer med ein som er eit par år gammal, ser eg).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar