lørdag 9. juni 2012

KM dag 1: Seinkveld på Fana

Litt krøll i starten under KM sin første dag førte til at det blei seine kvelden før stemnet var unnagjort, men det var fina veret og blide ansikt, så då går det meste.

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra eigen klubbrekord på 60 meter hekk (68cm), då han i vindstille sprang på 10,36 (1028 poeng), Pål hadde 10,41 frå tidlegare. Klubbrekord blei det også i tresteg for Pål. Der hoppa han 9,78, medan Marius Benserud hadde 9,52 frå 2000. Heilt offisiell er ikkje den rekorden før me har fått vindmåling på Pål, men det aller meste av vind-øvingar var godt innanfor det godkjende fredagskvelden. Hoppet er - om godkjent - verdt heile 1058 tyrvingpoeng. Han kom elles i mål på 29,83 på 200 meter (946 poeng).

Anna Evensen (J12) viste igjen at ho er ein eminent hekkeløpar. Med 10,24 på 60 meter hekk plukka ho med seg heile 1049 tyrvingpoeng. Tida er også tangering av Maren Haugen Lillefosse sin to år gamle klubbrekord. På 200 meter blei det 30,18 på Anna (868 poeng).

Kristoffer Blücher (G13) er i gang med eit nytt solid stemne: I tresteg blei det 11,43 (1033 poeng). Det er betring av Sondre Rinde sin årsgamle klubbrekord med åtte centimeter. På 60 meter hekk blei det 9,70 (1020 poeng).


Gjert Høie Sjursen (G12) nærmar seg 1000 poengs-grensa også i år. Med 11,21 i kule - ei solid forbetring frå 10,42 - blei det 994 poeng. Resultatet var også tilsvarande betring av Gjert sin klubbrekord.

Sanne Lillevik Christensen (J12) er også ei av dei me ventar på vindmåling på tresteghoppa på. 9,28 er i utgangspunktet verdt fine 978 poeng.


Sondre Rinde (G14) landa på 11,56 i tresteg-gropa (956 poeng).

Renate Lie (J14) sprang i mål på like over 5:03 på 1500 meter (resultatlista manglar korrekt hundredel, det kjem) - 952 poeng og årsbeste på Renate.

Håvard Rinde (G11) betra seg også i tresteg (med atterhald om at det inntil vidare manglar vindmåling), resultatet blei 8,58 (938 poeng). Han slengte kula av garde til 9,06 (913 poeng) og sprang 200 meteren på 31,12 (836 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) gjennomførte ein solid tresteg-konkurranse og enda opp på 10,43 som resultat (933 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) pynta på persen sin, då ho sprang på 28,68 på 200 meter (923 poeng).

Sesongbeste/utepers blei det på Ingrid Helene Nyhus (J15) på 1500 meter med tida 5:07,44 (871 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G14) konsentrerte seg om 200 meter denne gongen. Der oppnådde han 26,69, som gir 839 poeng (sjølv om den førebelse resultatlista generøst har gitt Henrik tida til Sondre.)

Hans-Magnus Haukøy (G11) oppnådde 11,37 på 60 meter hekk (826 poeng) og kom i mål på 31,29 på 200 meter (822 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar