mandag 31. desember 2012

Takk for det gamle


Året siste dag er her. Årskavalkadar florerer. Og her er ein til - for denne bloggen:

2. januar: Geir Sjursen blir kåra til vinnar av Veterankonkurransen 2011.

5. februar: Rapport frå Huyandai-leikane (…) på Stange. Eirik Leikvoll hoppa m.a. 1,60 i høgde

2. mars: Bloggen fortalde om kor dei viktigaste nasjonale arrangementa skulle gå i 2013. Minnar om at det blir bane-NM/UM i Sandnes, junior-NM i Overhalla, UM på Lillehammer – og hovud-NM i Tønsberg (og hovud-NM på Jessheim i 2014).

8. april var det førehandsstoff før NM/UM i terrengløp, kort løype, i Strandebarm. Bloggen tippa m.a. sølv og bronse i UM, J15, sjølv om den tok feil av rekkefølgja mellom dei to Ingrid-ane…

9. mai: Frå opningsstemnet, der Gneist hadde ei gjesterolle som arrrangør i 2012. Nyhetspoenget var at tre ulike utøvarar, i tre aldersklassar, klarte å sanka nøyaktig 909 poeng på 1500 meter: Stian Øvergaard Aarvik, Aleksander Lie og Ole Martin Røssland.

6. juni: Ein har vel etter kvart merka at bloggaren i mars månad melde overgang frå Gneist-styret til BFG-styret og denne dagen gav bloggen kvalifiseringsstatus til junior- og senior-NM for BFG-utøvarar. I 2012 var det slik at det berre var kvinnelege kvalifiserte til hovud-NM. Kva skjer i 2013?...

8. juli var det i tillegg til Anders Bjørndal sin 17-årsdag full rulle under Världsungdomsspelen i Göteborg. Heilt øvst på lista i gjennomgangen av resultat finn me Kristoffer Blücher sin strålande 200 meter i G13: 24,91 (1091 tyrvingpoeng).

12. august måtte bloggaren skryta over at han hadde «karra seg opp» til toppen av Malmangernuten i Rosendal – rettnok berre i trimklassen. For der var det både Nuten Opp og NM i motbakkeløp. Det var skodde over heile halve fylket den dagen, men på toppen av nuten var det knallblå himmel. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå BFG vann NM-gull.

6. september var det ein gjennomgang på klubb-nivå etter UM på Ravnanger. Den viste seg at Gneist hadde klatra frå 30. plass i 2011 til 12. plass i 2012 på medaljestatistikken.

I oktober – til dømes den 18. – tok eg til med historietimar, rettnok (så langt) i den nære historia. UM i 2003 var temaet denne dagen, der Steffen Nerdal tok tre kast-gull for IL Gneist.

I november var det tid for «Alle tider»-gjennomgang, altså ein oversikt over kor prestasjonane i 2012 plasserte seg i Alle tider-statistikken for heile landet. 9. november handla det om Ingrid, Ingrid Helene og Anna Serine i J15. I 2013 blir 1997-gjengen i Gneist dobla…

Og i desember er det like sikkert at lagserien blir presentert. 20. desember blei gutane sitt 4. lag gjennomgått. Og det er lett å gløyma, når bestelaga til både gutane og jentene vinn Elitedivisjonen, at 4. laget til gutane faktisk vann 3. divisjon og rykka opp eit hakk. Her finst namn me håpar å sjå oftare og meir det komande året – og dei komande åra: Trym Andresen, Sindre Kampen Nesheim, Erlend Krog Solvang – og kanskje får me Tobias Damm tilbake igjen også?

Takk for det gamle!

søndag 30. desember 2012

På tur

Ein del av oss synest det er i lengste laget å måtta ta turen "heilt" til nordre Åsane og Haukås, for at ungdommane skal få konkurrert vinterstid i Leikvanghallen.

Stavhopparane dei har like godt teke turen heilt til Estland, som er noko lengre enn nordre Åsane. Søndag var brørne Eirik (G15) og Magnus Leikvoll (G17) i sving i hovudstaden, Tallin.

Begge kom seg over 3,09, som er sesongbeste. For Eirik var eit slikt hopp verdt 856 tyrvingpoeng, for Magnus 611 poeng.

Alt onsdag blir det ifølgje rapport frå Trond Leikvoll Stavhopp Grand Prix med over 100 deltakarar.

Følg med, følg med...

Og Henrik Irgens Gravdal (G15) har også vore på tur i romjula - på romjulsstemne-turné: For dagen før han deltok på BFG sitt stemne lørdag, så var Henrik Gneist-representant under Stord Idrettslag sitt endå meir tradisjonsrike romjulsstemne på Vikahaugane.

Best gjorde Henrik det i den for han sjeldne øvinga høgde, der det blei 1,44 (748 poeng). På 60 meter sprang han på 8,60 (716 poeng) og i ei anna sjeldan øving, kulestøt, fekk Henrik opp 6,71 (152 poeng - men i kast så tel til vanleg alle resultat i Gneist - det blir så få av dei i løpet av ein heil sesong...)

lørdag 29. desember 2012

Romjul med BFG

Historias første romjulsstemne i Leikvanghallen var det Gneist som arrangerte i 2011. Lørdag ettermiddag var det BFG Bergen som overtok stafettpinnen. Det må ein nesten få lov til å seia at gjekk strålande.

Dette var eit reint løpsstemne, med øvingane 60 meter, 200 meter, 800 meter og 1500 meter.

Og sjølv midt i jula var det gode prestasjonar å få auge på:

Kristoffer Blücher (G14) held fram der han slapp sist sesong. Med 24,79 på 200 meter hamna han på nøyaktig 1000 tyrvingpoeng. Det er også nesten eit halvt sekund under gjeldande ute-klubbrekord på distansen, som Espen Liland og Sondre Rinde har saman. Med dette løpet er også Kristoffer kvalifisert til UM i 2014! På 60 meter sprang Kristoffer heilt ned på 7,77 (994 poeng).

Klubbrekord nr. 2, i alle fall med inne-tid, stod Vilde Lund Bjørnsen (J17) for. Ho har vore eit godt tidel nedpå 7-talet på 60 meter i yngre alder, men med 8,05 var ho 1/100 under Benedikte Liland sin ute-klubbrekord for 17-åringar. Løpet var verdt 986 poeng.

Nett det same - 986 poeng - var også Henrik Irgens Gravdal (G15) sin 1500 meter verdt. Henrik kom i mål på 4:22,00.

Sondre Rinde (G15) persa på 60 meter til 7,76 (943 poeng).

Renate Lie (J15), som hadde hangla litt i jula, var ikkje verre enn at ho md 27,26 på 200 meter plukka med seg 939 poeng.

Emil Engelsen Holm (G16) - årets mest framgangsrike i Gneist for gutar i 2012 - opna 2013-sesongen strålande. Tida 24,27 er beste innetida for 16-åringar i Norge så langt. Løpet er verdt 934 poeng.

Michelle Floor Heggeland (J14) kom i mål på 8,70 på 60 meter (878 poeng).

Anna Evensen (J13) sprang 60 meter på 8,93 (856 poeng) og 200 meter på 29,69 (844 poeng).

Håvard Rinde (G12) kom rett under 30 på 200 meter: 29,72 er verdt 819 poeng. I tillegg blei det 9,15 på 60 meter (797 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) sprang ein grei 800 meter først, tok seg ein pause på eit kvarter og kom i mål på 4:31,26 på 1500 meter (795 poeng).

So var me i gang med innesesongen - og dermed med 2013-sesongen også.


fredag 28. desember 2012

Gutane sitt 1. lag: Best i Hordaland - vegen til dominans

Jentene til Gneist var altså best i Hordaland i 2012. Gutane var også best i Hordaland i 2012 - som dei var det i 2011. For gutane er trenden endå klarare enn for jentene med jamn, men klar, framgang - på veg til dominans i kretsen - dei siste åra:

2008: 5. plass
2009: 3. plass
2010: 2. plass
2011: 1. plass
2012: 1. plass

Det blei altså 1. plass både i 2011 og i 2012, men sigeren i 2011 var på om lag 700 poeng, medan den i 2012 var på heile 3.900 poeng! Osterøy blei nr. 2 (som i fjor), medan Norna-Salhus blei nr. 3 (bytta plass med Fana, som fall ned på fjerde).

No er me inne mot toppen av ei Gneist-bølge, ganske utvilsamt, men toppen kan jo vara ei stund - og eg vil bli overraska dersom den ikkje i alle fall varer forbi 2013. Alt no har ein utøvar kome seg over 1100 tyrvingpoeng, gjeldande for 2013-sesongen (Pål Haugen Lillefosse, stav), berre som eit forvarsel.

I gutane sin Elitedivisjon gjeld følgjande:
* 60 noteringar totalt
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Og desse Gneist-gutane plukka poeng for 1. laget i 2012:

- Jørgen Jensen Axelsen
- Kristoffer Blücher
- Fredrik Collyer
- Henrik Irgens Gravdal
- Hans-Magnus Haukøy
- Emil Engelsen Holm
- Andreas Iden
- Eirik Leikvoll
- Pål Haugen Lillefosse
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristia Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Erlend Krog Solvang
- Stian Øvergaard Aarvik

torsdag 27. desember 2012

Jentene sitt 1. lag: Best i Hordaland i 2012

Då nærmar me oss avslutninga av lagserie-gjennomgangen for 2012. Jentene sitt førstelag gjorde come back på øvste trinnet i 2012. Det blei siger i 2010, men 2. plass i 2011. Det var noko overraskande at jentene gjekk heilt til topps i år - den totale poengsummen var noko lågare enn året før, men dette handlar naturlegvis også om dei andre klubbane si utvikling: Norna-Salhus gjekk eit par hakk ned, medan det er Bergens Turnforening som har mest vind i seila. Førstelaget til Bergens TF gjekk opp frå 4. til 2. plassen og hamna knepne 71 poeng bak Gneist til slutt. Norna-Salhus på tredje var ikkje veldig langt bak der igjen.

Slik har det gått for Gneist-jentene dei siste fem åra:

2008: 3. plass
2009: 3. plass
2010: 1. plass
2011: 2. plass
2012: 1. plass

Brukbart, det.

I jentene sin Elitedivisjon er det følgjande som gjeld:
* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Og desse Gneist-jentene plukka poeng for 1. laget i 2012:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sara Tyssebotn Berg
- Hannah Sørbø Berge
- Vilde Lund Bjørnsen
- Victoria Bruun
- Sanne Lillevik Christensen
- Sunniva Eikestad
- Anna Evensen
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Michelle Floor Heggeland
- Sara Holten
- Pia Hovland
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Silje Stenersen
- Nora Øvergaard Aarvik

onsdag 26. desember 2012

Gutane sitt 2. lag: nr. 1 i 1. divisjon

Eitt av (naturlegvis!) fleire spørsmål før 2013-sesongen er: Kan Gneist-gutane sitt 2. lag klara å halda plassen i Eliten denne gongen? Det har vore i eit heist-tilvære mellom Eliten og 1. divisjon. (Det blei 7. plass i Eliten i 2011.) Men i 2012 blei sigeren i 1. divisjon så solid at det vil kunna lukta på "fast plass" i Eliten også i 2014, med ytterlagere framgang. 

I gutane sin 1. divisjon gjeld følgjande:
* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Følgjande Gneist-gutar plukka poeng for 2. laget i 2012:

- Jørgen Jensen Axelsen
- Anders Bjørndal
- Espen Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Herman Ellingsen
- Hans-Magnus Haukøy
- Emil Engelsen Holm
- Andreas Iden
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Stian Norheim
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristian Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Stian Øvergaard Aarvik

mandag 24. desember 2012

Jentene sitt 2. lag: nr. 4 i 1. divisjon

Det kan jo ikkje gå på fram over heile fjøla. Jentene sitt 2. lag var i Elitedivisjonen i 2011 og skulle såleis kunna vera i nærleiken av ny-opprykk i år. Det var laget for så vidt, det var ikkje veldig langt opp til Stord sitt 1. lag, som tok den andre opprykksplassen. Fana sitt 2. lag vann 1. divisjon, med fleire  jenter på laget som i 2013 vil representera Gneist. Eg spår at det er gode sjansar for opprykk til Eliten for 2. laget komande sesong.

Men igjen: 25 % av øvingane i divisjonen skal vera kast-øvingar. Studér namna nedst og sjå kor mange av dei som ein tenker på som kastarar...

Både 3. laget (omtalt hin dagen) og 2. laget var altså i 1. divisjon i 2012 - og i 1. divisjonen er det følgjande som gjeld:

* 40 noteringar totalt
* 15 løp/gang
* 3 hekk
* 12 hopp
* 10 kast

* Og desse Gneist-jentene plukka poeng for 2. laget i 2012:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sara Tyssebotn Berg
- Anna Evensen
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Michelle Floor Heggeland
- Ingrid Næss Johansen
- Maren Haugen Lillefosse
- Ingrid Helene Nyhus
- Renate Lie
- Maren Risøen
- Anna Serine Røssland
- Silje Stenersen
- Nora Øvergaard Aarvik



Glædelig jul!

søndag 23. desember 2012

Gutane sitt 3. lag: nr. 3 i 1. divisjon

Det var jammen bra eg slo det fast i går, at alle laga så langt i gjennomgangen hadde hatt plasseringsframgang i Lagserien frå 2011 til 2012. For det stoppar i dag. Men berre så vidt. For 3. laget til gutane tangerer plasseringa frå i fjor. Igjen: 3. laget til gutane blei nr. 3 i 1. divisjon. Ikkje berre det; 3. laget var ikkje veldig langt ifrå å rykka opp i Eliten. I så fall ville altså Gneist-gutane hatt så stor breidde i toppen at dei tre beste laga fanst i Eliten, der det til saman er berre åtte lag. Igjen: Sterke saker.

I gutane sin 1. divisjon gjeld følgjande:

* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Og følgjande Gneist-gutar var med på å plukka poeng for 3. laget i 2012:

- Jørgen Jensen Axelsen
- Anders Bjørndal
- Thomas Blücher
- Erlend Borsholm
- Fredrik Collyer
- Herman Ellingsen
- Filip Lorentzen Gram-Knutsen
- Hans-Magnus Haukøy
- Emil Engelsen Holm
- Herman Hovland
- Ivan Høie
- Eirik Henriksen Karstad
- Olve Legreid
- Eirik Leikvoll
- Alekansander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Stian Norheim
- Håvard Våge Opheim
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristian Schjønningsen
- Gjert Høie Sjursen
- Stian Øvergaard Aarvik

lørdag 22. desember 2012

Jentene sitt 3. lag: nr. 8 i 1. divisjon

Så langt har me rapportert om 4. laga til Gneist i årets lagserie i Hordaland. Og merk følgjande:

- 4. laget til gutane plasserte seg fire plassar høgare i 2012 enn i 2011.
- 4. laget til jentene stabiliserte seg i divisjonen over etter opprykk i 2011.

Og 3. laget til jentene: Dei rykka opp frå 2. divisjon i 2011 (2. plass) og redda plassen i den nye divisjon (1. divisjon) i 2012. 8. plassen, som er siste plass før nedrykk, var sikker nok: God margin ned mot nedrykk, men også eit stykke opp. Poenget: Så langt har alle dei tre laga som er presentert hatt god framgang frå året før!

I jentene sin 1. divisjon gjeld følgjande:

* 40 noteringar totalt
* 15 løp/gang
* 3 hekk
* 12 hopp
* 10 kast

Og følgjande Gneist-jenter plukka poeng for 3. laget i 2012:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Maria Josefine Berg
- Sara Tyssebotn Berg
- Anna Evensen
- Cathrine Haris
- Charlotte Harris
- Michelle Floor Heggeland
- Malin Henrii
- Sara Holten
- Tina Therese Jenssen
- Ingrid Næss Johansen
- Ida Karoline Michelsen
- Amalie Ellingsen Nyheim
- Maren Risøen
- Anna Serine Røssland
- Nora Øvergaard Aarvik

torsdag 20. desember 2012

Gutane sitt 4. lag: nr. 1 i 3. divisjon

Alle dei fire gutelaga til Gneist gjorde det veldig bra i årets lagserie. Dei tre øvste laga - som me kjem tilbake til med tid og stunder - er alle heilt i det øvste sjiktet. Så har det vore eit lite hopp til lag nr. 4, som i 2012 var plassert på nivå 4 (altså 3. divisjon), men med siger i denne divisjonen blei det altså opprykk til 2. divisjon (eller nivå 3) i 2013.

I gutane sin 3. divisjon er det følgjande noteringar som tel med i lagserien:

* 30 noteringar totalt
* 12 løp/hekk/gang
* 10 hopp
* 8 kast

Her er det etter måten mange kast og etter måten få løp som tel med, noko som for tida ikkje er nokon fordel for Gneist. Likevel blei det altså siger i 3. divisjon, i hard kamp med våre gamle venner i Fana sitt 4. lag - begge desse laga rykka altså opp.

Følgjande Gneist-gutar plukka poeng for 4. laget (og kan - dersom ein ønskjer det - titulera seg som divisjonsmeistrar i 3. divisjon i 2012):

- Trym Andresen
- Thomas Blücher
- Tobias Damm
- Henrik Irgens Gravdal
- Hans-Magnus Haukøy
- Herman Hovland
- Eirik Henriksen Karstad
- Eirik Leikvoll
- Aleksander Lie
- Pål Haugen Lillefosse
- Johannes Møllerup
- Sindre Kampen Nesheim
- Håvard Våge Opheim
- Håvard Rinde
- André Jensen Ryland
- Ole Martin Røssland
- Kristian Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Erlend Krog Solvang

onsdag 19. desember 2012

Jentene sitt 4. lag: nr. 5 i 2. divisjon

Sjå der - då er me i gang med den årvisse gjennomgangen av Gneist-laga i Lagserien i Hordaland. Gneist har fire lag for jenter og fire for gutar - og me startar (som vanleg) bakifrå med 4. laget for jentene.

Men stopp litt, kva var no dette med "Lagserien" igjen? Der trur eg me må gjera det enkelt for oss sjølve ved å sitera gneist.no - som fortel om dette på framifrå vis:

"Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat.

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)


Godt sagt, det!

Så, til jentene sitt 4. lag. Dei blei nr 2 i 3. divisjon i 2011 og var såleis nyopprykka til 2. divisjon i år. Ein 5. plass inneber ein plass midt i denne divisjonen (nivå 3), så det må vera strålande.

I 2. divisjon tel følgjande resultat med: 30 noteringar totalt, 12 løp/gang, 2 hekk, 10 hopp og 6 kast.

Følgjande Gneist-utøvarar plukka poeng for 4. laget for jenter i 2012:

- Maria Josefine Berg
- Hannah Sørbø Berge
- Sanne Lillevik Christensen
- Sunniva Eikestad
- Cathrine Harris
- Charlotte Harris
- Sara Holten
- Tina Therese Jenssen
- Ingrid Næss Johansen
- Maren Haugen Lillefosse
- Gina Birkeland Milde
- Amalie Ellingsen Nyheim
- Emma Schrøder
- Silje Stenersen
- Mille Stenhaug
- Pernille Espetvedt Wollersen

Stian susar vidare (Vinterkarusellen-3)

Stian Øvergaard Aarvik held fram med framifrå form. Han starta oppturen under UM på Askøy og har berre blitt betre og betre. Sist sprang han ein strålande 10 km på Vinterkarusellen, denne gongen hadde han eit knallhardt oppgjer med kompis Lars Lunde frå Stord og kom i mål på fabelaktige 16.00 (sjølv om 15-talet hadde vore endå kjekkare).

Her er oversikten etter 2012-løpa av vinterens karusell - sett med heilt subjektive auge:

5 KM KVINNER
Her vann Silje Stenersen heile løpet mandag. Ho kom i mål på 19.37, som vel er nest-beste 5-kilometeren hennar. Her er topp 10 etter tre løp:

1. Silje Stenersen 19.37
2. Thyra Hevrøy 20.21
3. Linn Seliussen 20.29
4. Tuva Straume 22.27
5. Sanne L. Christensen 23.38
6. Pernille Hordnes Sørås 24.06
7. Marlen Eide Røssland 24.32
8. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
9. Sara Tyssebotn Berg 25.07
10. Margrethe Irgens Gravdal 26.15

5 KM MENN
Utanom Stian sitt solide løp, så noterer me flott framgang også på Thomas Blücher (igjen), denne gongen med over minuttet, ned til 19.40.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Bjarte Eikanger 16.36
3. Henrik Irgens Gravdal 16.56
4. Jørgen Møklebust Austvik 17.02
5. Andreas Iden 17.07
6. Jens Larsen Åstveit 17.59
7. Thomas Blücher 19.40
8. André Seliussen 19.51
8. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. Inge Haukøy 19.54

10 KM KVINNER
På denne lista hadde me berre vinnaren frå sist løp, Torun Øvergaard Aarvik, inne før mandagens karusell. Dermed blei det ei firedobling etter dette løpet. Både Linn Seliussen og mor og dotter Røssland, Marlen og Anna Serine er no inne på mil-lista:

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røssland 49.24

10 KM MENN
Her er det endeleg blitt ti utøvarar - sjølv om tida til Erlend Gjerdevik Sørveit er stipulert - han fekk aldri registrert noko tid i løp 2. Den offisielle lista frå siste løpet inneheld i skrivande stund også ein viktig feil: Dei ni første på lista er 5km-løparar, slik at først nr. 10 på lista inneheld namnet på vinnaren mandag. Jo da.  Einaste nye på lista er ungguten André Seliussen:

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.56
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Møklebust Austvik 35.15
4. Ole Martin Røssland 35.16
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.38
8. Stian Norheim 39.51
9. Jens Larsen Åstveit 40.36
10. André Seliussen 46.13

mandag 17. desember 2012

Dobbeltsiger!

Gneist dominerer den lokale friidretten! At gutelaget skulle gå til topps i årets lagserie, det var inga bombe. Gutane har betra seg frå 2011 til 2012, ganske klart, og dei vann også i fjor. Sigeren for gutane blei forsvart med glans.

Som Stein Fossen skriv det:

"Med nesten magiske 59.981 poeng på de 60 resultatene var Gneist i en egen klasse i kretsserien for gutter." 

Verken meir eller mindre; i ein eigen klasse.

Sigeren var på nesten 4.000 poeng til lag nr. 2, Osterøy.

1. divisjonslaget til gutane (2. laget) vann også heilt suverent sin divisjon, slik at - som tidlegare spådd om - Gneist vil ha to lag i Eliten for gutar i 2012.

Det var noko meir overraskande at jentene vende tilbake heilt på toppen i 2012 - etter eitt års fråver. Men medan sigersmarginen for gutane var på nesten 4000 poeng, så var den på berre 71 poeng for jentene - framfor toar Bergens Turn.

Detaljane får me ta etter kvart, men denne karamellen får me suga på gjennom jula!

Full oversikt finst her.

Sensur i/av Drammen

Det er rolege tider i friidrettsverda. Det hindrar ikkje eit stort engasjement når bloggen fortel at Gneist-utøvarar er sensurerte frå resultatlistene frå inne-UM i Drammenshallen i 2004.

Det som ikkje er blitt fortalt, er kven som sensurerer. Etter nøye granskingar viser det seg at det faktisk er bloggaren som sensurer - ingen andre.

Dette er naturlegvis ganske ufint. Det har ingenting med Gneist å gjera. Det har heller ingenting med Drammen å gjera - eg er mellom dei (få?) som alltid har hatt eit særs godt forhold til hovudstaden i Buskerud. Det har kanskje å gjera med at det innimellom går i surr.

Sjølvsagt er eg skuffa over at ingen spør meg kva "ekstrem-intervall" er for noko - jamfør gårsdagens blogg. Men det er slikt eg får leva med.

Sensur er ikkje bra.

Sensuren er no oppheva. Dette er Gneist-resultata frå inne-UM i Drammen i 2004:

- Espen Liland nr. 6 på 100m, nr. 8 på 60m, nr. 9 i lengde (G15)

- Mats Benserud nr. 5 på 800m (G16)

- Håvard Hasås nr. 1 på 800m, utslegen i forsøket på 100m (G17)

- Morten Benserud nr. 1 på 60m hekk (G18/19)

- Anne Dolvik utslegen i semifinalen på 60m og i  forsøket på 100m (J16)

- Sandra Tennøy nr. 1 i lengde og nr. 3 i høgde (J16)

- Hilde Hovlandsdal nr. 1 i høgde og nr. 6 på 60m hekk (J17)

- Benedikte Liland nr. 1 i lengde og tresteg, nr. 2 i kule og nr. 4 på 60m og 60m hekk (J17)

- Helene Bergås nr. 1 på 800m (J17)


Det var det. No skal eg sensurera vidare (eksamenssensur).

søndag 16. desember 2012

67 år - og like blid

Sjå der, der rakk eg det så vidt. Det er i skrivande stund framleis 16. desember og dermed er det framleis på sin plass (i ein halvtime til) å seia "Gratulerer med dagen!" til Idrettslaget Gneist, som har sin 67-årsdag den 16. desember.

No er det langt ifrå nokon pensjonist som finst i IL Gneist - her er det vitalitet over heile linja. Me fokuserer naturleg på friidretten her i denne bloggen, men det er no ein og annan som sparkar ball, som kastar ball og som spring i skogen med kart og kompass og slikt også - for å nemna noko.

Underteikna hadde ekstrem-intervall søndag og var forbi anlegget på Liland heile to gongar. Det ser fint ut, sjølv om bane og hall på Sandsli i dag er meir sentralt enn det gamle Gneist-sentrum på Liland. No ligg det føre planar om ny veg tvers over fotballbanane på Liland, så i så fall må både banar og klubbhus (?) lokaliserast på ny tomt.

Til sist i dag: Eg held "historietime" slik innimellom. Litt innspel får eg, litt veit eg sjølv, men det aller meste er basert på dei resultatlistene som finst elektronisk. Mykje tyder på at det er opptil fleire feil i fasiten her. Håvard Hasås melder at det faktisk var Gneist-utøvarar i inne-UM i Drammen i 2004 (sjå blogginnlegg 21. november). På dei resultatlistene eg har funne, så er - så langt eg kan sjå - i så fall Gneist-utøvarane sensurerte bort. Ikkje bra.

fredag 14. desember 2012

Historietime: UM 2005

Som tidlegare annonsert: Under Ungdomsmeisterskapet i Moss heilt i starten av september 2005 sette fire Gneist-gutar meisterskapsrekord på 1000 meter stafett (gutar 15/16). Det er ein meisterskapsrekord som, sju år seinare, framleis står. Kvaretetten Erik Hovlandsdal, Kristoffer Grindedal Janson, Espen Liland og Marius Benserud sprang i mål på 2:02,21.

Alle fire var 16 år i 2005. Gneist hadde ingen utøvarar med i G15. I G16 blei det eitt gull til, det gjekk til Marius Benserud på 300 meter hekk (her var han 0,7 sekund framfor nr. 2). Kristoffer Grindedal Janson fekk med seg ein bronse på 800 meter (tid: 1:59,18).

Mats Benserud var einsleg svale i G17. Han blei nr. 8 på 400 meter (53,89).

I G18/19 vaks Andreas Eeg ut av Steffen Nerdal sin skugge og vann gull i diskos og sølv i slegge.

Håvard Hasås sin beste plassering i 2005 var 4. plassen på 400 meter (52,50). Tredje Gneist-deltakar i denne årsklassen var Jonathan Haugland, som fekk med seg ein 7. plass i finalen på 100 meter.

Ingvild Mundal Andersen var representanten i J15. Beste gjekk det i stav, der Ingvild vann gull med 2,65.

Det var ingen Gneist-jenter med i G16, medan Sandra Tennøy henta med seg sølv (tresteg) og bronse (i høgde) i J17. Anne Dolvik blei nr. 8 i 100 meter-finalen.

I eldste jenteklasse (J18/19) var Benedikte Liland og Hilde Hovlandsdal med. Benedikte vann bronse i kule (11,21) og blei nr. 6 i lengde, medan Hilde blei nr. 10 i lengde.

Det skulle gi ein fasit - om eg har vore vaken i teljinga - på 4 gull, 3 sølv og 3 bronse. Brukbart, det.

søndag 9. desember 2012

Høgare opp

BFG skal jo framleis ha stemne i 2012 - det skjer 29. desember i Leikvanghallen, men årets siste stemne i regi av Gneist gjekk av stabelen i Høiehallen søndag. Stav var hovudøvinga, medan det også blei nokre kulestøt i tillegg.

Igjen var det Pål Haugen Lillefosse (G12) som stal overskriftene. Han auka rekordnoteringa si med éin centimeter, til 3,22 - heile 1105 tyrvingpoeng!

Betring av eigen klubbrekord blei det også på Marianne Benserud (J18), som flytta sesongbeste (og rekorden) opp med to centimeter - til 3,02 (888 poeng).

Mest solid sesongbetring stod Eirik Leikvoll (G15) for - her var betringa på 11 centimeter, opp til 3,02 (også på han) - 832 poeng.

3,02 blei det like så godt også på Magnus Leikvoll (G17) - 562 poeng.

Så vidt eg har registrert, så debuterte Sanne Myrmel (J14) i stav denne søndagen. Det gjorde ho med eit hopp på 1,92 (520 poeng).

I kule er - som vanleg - Gneist-utøvarane noko meir smålåtne, men kjekt at det kjem nokre kast-resultat alt no, det er det jo: Pål støtte 7,40 (667 poeng), Magnus 11,07 (622 poeng), Sanne 6,52 (616 poeng) og Eirik 7,75 (277 poeng).

lørdag 8. desember 2012

PU - årgang II

Det aller første heile året med ei PU-gruppe i Gneist Friidrett er over. Me hadde vår siste trening for året lørdag 1. desember og ein liten bukett var med på Gneist sin grautfest fredag kveld (sjå bildet nedanfor). Neste år håpar me på mange fleire med her!

Me debuterte med stemnedeltaking på Pingvinlekene i februar. Seinare blei det to karusell-stafettar under Sommerkarusellen til Gneist og så deltaking på Gneistspelen i august. No er treninga i full gang før Pingvinlekene 9. februar 2013.



(Foto: Arve Rinde - henta frå gneist.no)

Me har stadig auka repertoaret vårt. Det starta med 60 meter og lengde under Pingvinlekene, så blei det liten ball i tillegg under Gneistspelen og no blir det kule (mjuk) under vinterens pingvinleikar.

Totalt 25 utøvarar har vore innom gruppa vår sidan starten 24. september 2011. 19 utøvarar er å rekna som aktive akkurat no. Suveren innsats har det vore frå dei gode hjelparane Vilde, Andreas, Anna Serine og Ole Martin!

Statistikk:
- Beste tida i gruppa på 40 meter er 11,52.
- Beste tida på 60 meter er 13,33.
- Beste lengdehoppet er på 3,07.
- Beste kastet med liten ball er på 19,50.

Hausten 2011 var det Sofie som hadde flest trenings-frammøte, våren 2012 var det Heine og Fredrik og hausten 2012 var det jammen Fredrik igjen som var ivirigast med treningsframmøte.

12. januar 2013 er me i gang med årgang III.

fredag 7. desember 2012

... Og... Årets mest framgangsrike i Gneist

Gneist Friidrett er ganske svært blitt. Det viste fredagskveldens grautfest tydeleg nok. Lokala på Ytrebygda skole er no i ferd med å bli sprengt. Rett og slett.

Det var som vanleg ein fin seanse det kvikke og oppegåande Gneist-styret hadde stelt i stand - med mange faste postar.

Ein av dei faste postane no etter kvart er utdelinga av prisen for "Årets mest framgangsrike" utøvar. Det er ein tradisjon innstifta i 2010 - og der kandidatar i alle fall uformelt er blitt nominert via denne bloggen.

I år blei det Emil Engelsen Holm (dessverre fråverande under grautfesten) og Pia Hovland som blei kåra.

Det er ein viktig statutt at utmerkinga skal gå til utøvarar utanfor 1000 poengs-klubben. Prisar kan ikkje berre vera til for prisane si skuld alltid. Her handlar det om å motivera dei nest-beste og visa at ein set pris på den framgangen desse har arbeidd fram.

Gratulerer til Pia og Emil!

Og her er lista over prisvinnarane sidan 2010:

2010: Vilde Omholt og Stian Norheim
2011: Silje Stenersen og Eirik Leikvoll
2012: Pia Hovland og Emil Engelsen Holm

Og utpå nyåret kjem vel bloggen i gang med søkelyset på "Årets mest framgangsrike 2013", vil eg tru.

onsdag 5. desember 2012

Årets mest framgangsrike i BFG - 2012

Gneist innførte "Årets mest framgangsrike" under Grautfesten i 2010. No har også BFG innført denne prisen og før det ekstraordinære årsmøtet i klubben onsdag kveld fekk Amund Høie Sjursen det synlege beviset på at han var den mest framgangsrike mannlege utøvaren i klubben i 2012 - med god margin.

Vurderinga er gjort etter seriepoeng-tabellen og endringar mellom 2011 og 2012. Her hadde Amund desidert beste enkelt-forbetringa i lengde. I utesesongen i 2011 hoppa Amund 5,57 i lengde, eitt år seinare oppnådde han 6,71. I tillegg hadde han fjerde, femte og sjette beste forbetringa i øvingane 100 meter, høgde og tresteg.

Sara Berrefjord har enno ikkje fått si utmerking heilt konkret, men det blir vel ordna med tid og stunder. Sara toppar lista heilt åleine på jente-/kvinnesida, med både den beste og den nest-beste forbetringa. Best forbetring hadde Sara på 100 meter, med 200 meter marginalt bak der. 

På 100 meter sprang Sara på 13,37 i 2011 og på 12,92 i 2012. På 200 meter blei det nøyaktig eitt sekunds forbetring; frå 27,49 til 26,49.

BFG Bergen - nesten

Då har eit ekstraordinært årsmøte i BFG - samrøystes - bestemt å søka Hordaland Idrettskrets om å få endra namn på klubben frå dagens Friidrettsklubben BFG Fana til BFG Bergen Friidrettsklubb.

Sagt på éin måte: Klubben skiftar namn frå BFG til BFG: Det er eigennamnet "BFG" som er det aller viktigaste internt i klubben - og det kjem det til å halda fram med å vera.

Sagt på ein annan måte: Me oppgraderer klubbnamnet til å markera der ute, i det ganske land, at me er ein klubb frå byen Bergen.

Då BFG Fana blei stifta i 1987 var framleis heile det området som dei opphavlege moderklubbane soknar til ein del av Fana bydel. Men i 1990 blei "Ytrebygda" bydel etablert, som ein likeverdig bydel til Fana.

IL Gneist soknar til Ytrebygda bydel, Bjarg og Fana til Fana bydel. For ungdommar som har vakse opp etter 1990 og for oss tilflyttarar som kom til opptil fleire år etter denne endringa, ja så er det eit viktig stykke historie som har skjedd sidan BFG Fana blei oppretta i Fana bydel.

Men byen vår er Bergen. Og me soknar til byen Bergen si storstove innan friidrett, Fana Stadion.

No gjenstår enno siste ord frå Hordaland Idrettskrets, men håpet er at BFG kan feira nyttår med nytt (til-)namn.

tirsdag 4. desember 2012

Historietime: Hovud-NM 2004

Ein liten bukett BFG-utøvarar deltok i senior-NM i friidrett i Florø tidleg i august 2004. Best av alle gjorde Kirsten Melkevik Otterbu det, med sølv på 5000 meter. Gullet gjekk til Susanne Wigene - to år før ho vann sølv på den doble distansen, og bronsen var det Kokstad-busette Brit-Helen Simmenes som tok seg av.

Den andre medaljen til BFG i meisterskapet var det Merete Knudsen som tok, då ho fekk seg ein bronse i spyd. Her var det i tillegg ganske kort veg opp til både sølv og gull.

Johan Sørstrønen, dagens sprint-trenar i BFG, blei nr. 6 i forsøket på 100 meter med 11,37, men Johan tok 6. plass i spyd med 50,61. Her var det Andreas Thorkildsen som vann og dagens sportssjef, Ronny Nilsen, som tok sølv.

Benedikte Liland blei nr. 5 i tresteg og nr. 9 i lengde (og nr. 6 i forsøket på 100 meter).

Morten Benserud fekk det ikkje heilt til i finalen på 400 meter hekk, der han blei nr. 6, etter tredjeplass i forsøket på same distansen.

Eirik Karstensen blei nr. 7 i høgde (1,95), Hilde Hovlandsdal nr. 8 i høgde for kvinner (1,65) og Iren Vevatne Isaksen blei nr. 8 i forsøket på 100 meter.

søndag 2. desember 2012

Halvmaraton som skaper forventningar

Første luka i adventskalenderen blei opna lørdag, i fint vinterver. Og trass i vinterveret så inneheldt første luka i BFG-kalenderen strålande halvmaratonløp og medfølgjande forventningar til distansegjengen. Og søndag kveld kom endeleg offisiell resultatliste også.

Andreas Iden (framleis G17) sprang sin andre halvmaraton, eitt år etter debuten. Og denne gongen gjekk det aldeles strålande. Andreas vann heile Maratonkarusellen over halvmaraton med 1:15.42, ei persforbetring på sju minutt!

Persforbetring blei det også på Ole Martin Røssland (G17), som blei nr. 4 på lørdag. Ole Martin persa med "berre" fire minutt, til 1:16.47.

Men det stoppa ikkje der: Jørgen Austvik pynta på si bestetid med godt over minuttet, til 1:17.59. Erlend Gjerdevik Sørtveit debuterte på distansen på 1:20.10 og debut blei det også på Stian Norheim (G16) med 1:26.06.

Til desse karane er det lov til å knytta forventningar framfor ny sesong. Her lokkar senior-NM- krav (og andre krav) og her ventar me, ikkje minst, på utøvarar som bryter nye barrierar på sentrale distansar.

Eg nemner ikkje meir no. Men seinare.

2 år

Det har nett i dag gått to heile år sidan denne bloggen såg dagens lys. Dette er det 613. publiserte blogg-innlegget.

Første året blei det skrive 288, det andre er det blitt 325. Dermed er det berre feriedagar og litt til som er unna eitt innlegg om dagen...

Om dette er bra eller ikkje bra, det kan jo drøftast - og det kjem no nett an på kven ein drøftar det med.

Første året var bloggen oppe i 30 innlegg på ein månad éin gong. I det andre året blei det 31 innlegg tre månader (mai, september og november) og i tillegg 30 innlegg tre månader (mars, juni og august).


I samband med 2-årsdagen har me vore så heldige å få eit lite intervju med Bloggaren:

- Kvifor driv du og bloggar så veldig?

- Vel, det er eit spørsmål eg både er glad for å få og ikkje glad for å få.

- Kan du presisera?

- Nei.

- Og kva er det kjekkaste blogg-innlegget du har skrive?

- Det har eg ikkje skrive enno.

- No blei eg nyfiken; korleis vil det koma til å sjå ut?

- Det finst der inne i hovudet ein stad.

- Så oppskrifta på det perfekte innlegget, det er?

- Det må vera eit innlegg som på underfundig vis knyter saman ein splitter ny Bruce Springsteen-song med svære prestasjonar av lokale heltar i inn- eller utland.

- Gratulerer med dagen!

- Jo da, takk, takk


lørdag 1. desember 2012

Pål Haugen Lillefosse

Me skriv 1. desember 2012. Pål Haugen Lillefosse (G12) er 11 år gammal, men har alt prestert å nå opp i 1103 tyrvingpoeng som 12-åring! Me brukte store ord om Pål, då han svinga seg over 3,10 i stav sist lørdag. Denne lørdagen steig han endå høgare - heile 3,21 er Pål sin nye rekord på. Det er naturlegvis klubbrekord. Det er bestenotering over heile fjøla. For å ta eit enkelt bilete: Det er tre år (i alle fall nesten) til Pål kan kjempa om junior-NM- plass, men alt no er han berre ni centimeter unna kravet til junior-NM...

Monika Benserud (J17) sesongdebuterte i stav med 2,81 (844 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) betra seg med ein heil centimeter frå sist lørdag - frå 2,90 til 2,91 (793 poeng).

Broder Magnus Leikvoll (G17) kom seg over 3 meter denne gongen, til 3,01 (555 poeng).

Så her var fleire gode stavhopp, altså, men framfor alt ein ny strålande stavhopp-lørdag i Høiehallen for Pål.