fredag 22. juni 2012

Hekk i vinden - Lillehammer dag 2

Resultatlistene frå Veidekkelekene fortel om godt med medvind i løpsøvingane fredag ettermiddag og kveld. I sprintøvingane var det ei rekkje gode tider, men også ei rekkje tider med for mykje vind.

For Gneist-gjengen var det først og fremst tre hekkeløp som blei skrivne heim om:

Sondre Rinde (G14) har frå tidlegare 11,6 manuelt på 80 meter hekk. På Lillehammer kom han også ned på same nivået med elektronisk tidtaking. Tida blei 11,85 og dermed er dette den nye klubbrekorden elektronisk.

Monika Benserud (J14) sprang også 80 meter hekk. Tida hennar blei 12,05, som gir 1021 tyrvingpoeng.

Og så sprang Håvard Rinde (G11) denne gongen 60 meter hekk i 12 års-klassen, noko som betyr at hekkane var åtte centimeter høgare enn normalt er for Håvard. Tida med 76,2cm-hekkar blei 11,56.

Til sist eit løp som ikkje var over hekkar: Maren Risøen (J17) betra seg på 200 meter til 28,44 (i god medvind) - 801 tyrvingpoeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar