søndag 17. juni 2012

Tyrving: over halvvegs

Ja, det blir ikkje heilt rapport "etter dag 2" dette. Først var det Marka som kalla seint lørdag kveld: halvannan mil i glimrande terreng... Og no, søndag morgon, er det vene Søreidgrend som kallar - det vil seia ein lang biltur heim. Dessverre går me glipp av dag 3 "live" denne gongen.

Men, tilbake til (det meste av) lørdagen:

Pål Haugen Lillefosse (G11) sprang ein fantastisk 200 meter, der han vann på 28,42. Det gir heile 1066 tyrvingpoeng, og med det sletta også Pål Marius Benserud sin klubbrekord på 29,08 frå 2000.


Kristoffer Blücher (G13) sitt eventyr av eit Tyrving-stemne fekk sitt framhald: Først blei det 7,93 i forsøket på 60 meter. Det var tangering av pers, men i finalen klinka Kristoffer til med 7,79 (!), som inneber 1056 tyrvingpoeng og som også slettar Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord (7,92). Kristoffer vann med det 60 meter suverent, men meir suveren var sigeren i lengde. Der blei det 5,48 - 1026 poeng - og pynting på eigen klubbrekord (5,37 innomhus, 5,10 ute).

Maren Haugen Lillefosse (J14) kom i mål på glitrande 31,13 på 200 meter hekk (denne gongen med vindmåling) - 1018 poeng.

Sondre Rinde (G14) vann like så godt 100 meter hekk i G15. 15,09 er også solid betring av eigen klubbrekord i G14.

Monika Benserud (J16) hoppa 11,48 i tresteg (958 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) viste knallform Tyrving-helga. På 800 meter blei det 2:08,92 - over to sekunds betring av pers (911 poeng).

Søster Nora Øvergaard Aarvik (J13) sprang ein flott 60 meter på 8,74 (908 poeng).

Og så har ikkje "Friidrettssagaen Anders Bjørndal" nokon ende: På 800 meteren i G17 blei det, på stein fossensk, "super-pers" på 2:04,09 (gamle på 2:06,68): 881 poeng og dermed under UM-kravet på ny distanse.

Stafettar, 4 x 60 meter:
Gutar 10-12: 35,39 (Tobias Allers-Hansen, Pål Haugen Lillefosse, Håvard Rinde og Thomas Blücher)
Gutar 13-14: 30,83 (Henrik Irgens Gravdal, Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll, Sondre Rinde): Ny klubbrekord (den gamle var på 31,70, frå i fjor.)
Jenter 13-14: 32,64 (Anna Evensen, Nora Øvergaard Aarvik, Maren Haugen Lillefosse, Renate Lie)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar