tirsdag 12. juni 2012

Kvalifiseringsstatus, UM, pr. 12. juni 2012

Det er framleis godt over to månader igjen til påmeldingsfristen til årets UM på Ravnanger, Askøy (21. august). Og det kjem både store og små stemne i den perioden. Svært mange er kvalifiserte alt - og det dett stadig nye inn som er kvalifiserte også til UM på Lillehammer i 2013.

Totalt er no 21 utøvarar kvalifiserte til årets UM - tre fleire enn ved sist oversikt tidleg i mai. Dei nye utøvarane er Stian Øvergaard Aarvik (G15), Stian Norheim (G16) og Anders Bjørndal (G17). I tillegg er det kome til nokre nye øvingar for ein del av dei som alt var kvalifiserte. Me reknar også med Ingrid Helene Nyhus (J15) mellom dei kvalifiserte, ho spring i utgangspunktet øvingar der det er fri påmelding.

Her er oppdatert oversikt (og igjen; eg vurderer ikkje kor vidt alle utøvarane framleis er aktive - dei er uansett kvalifiserte...):

G15
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Ø. Aarvik (800m)

G16
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m, 300m hekk)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, lengde, tresteg, høgde)

G17
Anders Bjørndal (3000m)
Andreas Iden (800m, 3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)

G18/19
Jørgen Jensen Axelsen (3000m)

J15
Ingrid Næss Johansen (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

J16
Monika Benserud (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)

J17
Marianne Benserud (200m, 100mh, høgde, stav, lengde)
Tina Therese Jenssen (stav)
Vilde Omholt (800m)
Maren Risøen (lengde)

J18/19
Synne Våge Opheim (stav, tresteg)
Anne Marte Aldal Sætre (stav)

***

Meir detaljert oversikt over kvalifiserte til UM i 2013 kjem først etter at årets UM er over - det får vera måte på forvirring, men alt no er 15 utøvarar kvalifiserte til UM på Lillehammer. Dei to nyaste er Henrik Irgens Gravdal (G15, 800m) og Emil Engelsen Holm (G16, 200m).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar