tirsdag 19. juni 2012

Team PU med karusell-"pers"

2. Sommarkarusellen innebar også 2. karusellstafett i Team PU si historie. Denne gongen blei me litt "sommar-amputerte" når det galdt deltakarar, men det hindra oss ikkje i å persa til 26.45 (29.53 sist...). No får me framleis særs god hjelp av eit par av assistentane, men det gjorde me altså sist også:

Nicholas fekk også denne gongen 1. etappe. Og mandag hadde han skikkeleg sjarmøretappe; rundt heile banen på Fana Stadion. Dette er ein etappe som skapt for Nicholas! Han trakka skikkeleg til frå første meter og imponerte alle tilskodarane! Han gav så pinnen til Nkomba, ved porten ut frå stadion. Nkomba - den fødde springar - gjorde jobben sin over parkeringsplassen på Fana Stadion, kryssa vegen og gav pinnen til Bentine. Bentine, som karusell-debuterte, er eit skikkeleg allsidig talent - og springing har ho verkeleg i blodet. Ho sprang ein lang og god etappe ned heile fortauet på Grimseidvegen. Der overtok Ole Martin, som steppa inn på "Mathias si etappe" over brua over Fanavegen. Der venta Gina og deretter Martine, som i flott stil brakte laget heilt til Byggern. Oppover frå Byggern var det Anna Serine og Vilde (frå vending på Stend) som steppa inn og gjorde jobben, før Vilde overbrakte pinnen til ein ambisiøs Heine på siste-etappen. Heine hadde valt seg ei ekstra lang etappe. Han begynte knallhardt og med flott teknikk, men gjekk tom litt for tidleg, før han blei løfta fram av publikum ved målområdet og gjennomførte i flott stil.

Det er ei god kjensle at me har gjort denne deltakinga til tradisjon alt! Me har lagt bak oss eit nytt semester og tar sommarferie med godt samvit. Alt midt i august er me i gang igjen, med førebuingar ikkje minst til Gneistspelen siste helga i august.

Første-etappe- kometen Nicholas var dessverre fråverande på biletet, elles er gjengen samla:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar