Då var det dei frå 15 år og oppover som hadde søndagen åleine på Fana Stadion under KMs siste dag i 2012. Framleis var det sommarveret som dominerte. Og mykje bra blei oppnådd også denne dagen:
Andreas Iden (G17) sprang ein svært god 5000 meter, kom i mål på solid pers, 15:50,70, og plukka 998 tyrvingpoeng.
Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang denne gongen 400 meter i G-15, der han fekk 56,62, som er verdt 995 tyrvingpoeng for 14-åringar.
Amund Høie Sjursen (G16) ventar på optimale vindforhold på 100-meteren - det er enten for mykje medvind eller i meste laget med motvind. Søndag var det heile -3 i mot. Likevel blei det flotte 11,85 på Amund (974 poeng). Amund persa også i høgde, til 1,75 (909 poeng).
Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang på 15:46,64 på 5000 meteren, som er verdt 945 poeng.
Anders Bjørndal (G17), som rettar kursen mot USA og eit high school-år i august, held fram sin eventyrlege framgang. Søndag blei det 9:35,96 på 3000 meter. Med det er Anders i alle fall kvalifisert til UM på Askøy på distansen (sjølv om han altså er å finna i Minnesota på den tida) og Anders bikka også over 900 tyrvingpoeng for første gongen (902). No får Anders jakta på UM-kravet for 18-åringar (9:30), så er det i boks før han returnerer neste vår.
Magnus Leikvoll (G16) fekk det endeleg til å klaffa igjen: Med 1,70 i høgde svinga Magnus seg over UM-kravet i øvinga, som andremann frå Gneist. Hoppet er verdt 874 poeng.
Aleksander Lie (G16) hadde to 3000 meter-løp bak seg i karrieren før søndagens: eitt som 13-åring og eitt som hare i fjor haust. Persen frå tre år tilbake blei i alle fall slegen. Tida blei 10:12,03 (837 poeng).
Og Marianne Benserud (J17) hoppa 1,40 i høgde (805 poeng).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar