Frå og med torsdag og til og med søndag går tradisjonsrike Veidekkelekene av stabelen på Lillehammer. Dette er det nest største stemnet i landet - etter Tyrving (knapt føre Framo) - og går, til liks med Framolekene, altså over heile fire dagar.
Det er eit flott arrangert stemne, på ein god arena i ein fin by. No vil eg vel påstå at stemnet er aller best for dei som spring kortare distansar. For dei som er yngre enn senior er det berre 800 og 1500 av "lange distansar" og dei går like så godt første dag og siste dag - så det kan bli mykje sightseeing på mellomdagane... (Eg snakkar av erfaring.)
Profilen på Gneist-troppen som dreg til Lillehammer stadfestar i stor grad påstanden min: Her er mange som spring kort, eit par utøvarar som er til stades på kvar sin enkeltdag og éin som spring fleire lengre distansar - men då i seniorklassen.
Her er oversikten:
J13
Michelle Floor Heggeland, 60m, 100m, lengde
J15
Ingrid Næss Johansen, 1500m
J16
Monika Benserud, 100m, 200m, 80m hekk, lengde
J17
Marianne Benserud, 100m, 200m, stav
Tina Therese Jenssen, 100m, 200m, lengde, stav
Maren Riøsen, 100m, 200m, lengde
G11
Håvard Rinde, 60m, 200m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde, kule, spyd
G14
Sondre Rinde, 60m, 100m, 200m, 80m hekk, lengde, kule
G16
Aleksander Lie, 800m
MS
Jørgen Jensen Axelsen, 800m, 1500m, 3000m
*
I tillegg til Jørgen er følgjande andre BFG-utøvarar påmeldt Veidekkelekene:
Anne Skudal Dolvik, 100m, 200m, 400m
Iren Vevatne Isaksen, 100m, 200m
Jørgen Austvik, 800m, 1500m, 3000m
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar