lørdag 9. juni 2012

Tresteg utan vind

Då er det blitt stadfesta at det ikkje var vindmåling i det heile i tresteg i dei yngste årsklassane (11 og 12 år) under KM på Fana Stadion fredag.


Sannsynlegvis var det medvind og sannsynlegvis var denne medvinden (godt) innanfor det godkjende, men så lenge det ikkje finst offisiell dokumentasjon må desse resultata setjast i parentes i rekordsamanheng og når det gjeld bruk i lagserie (til dømes).

Det råkar dei flotte resultata til Pål Haugen Lillefosse (skulle/kunne ha vore klubbrekord i G11), Håvard Rinde og Sanne Lillevik Christensen.

Men her er mange sjansar til å pynta på desse resultata under dokumentert godkjende forhold enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar