torsdag 1. mars 2012

Før inne-UM (II)

Fire øvingar skal kikkast nærare på i dag, før inne-UM i Sandnes, med start om åtte dagar. Tre av øvingane er 60 metrar, den siste ein 200 meter. I tre av øvingane er det éin Gneist-utøvar med - og alle tre er medaljekandidatar, i den fjerde øvinga er det heile fire Gneist-utøvarar, men dei er ikkje mellom favorittane.

60 meter i jenter 16 er Monika Benserud vår kandidat. Monika er i full sving igjen etter ein lang skadeperiode og har sprunge på 7,94 innomhus i vinter. Det er knepent bak Hovding si Naomi van den Broeck (7,92). Og desse to må finna seg i å vera favorittar på papiret. Bak her er det særs tett og heile sju utøvarar mellom 8,07 og 8,09 innandørs i vinter! Vilde Gjesbakk frå Rana og Mari Forbord Anderssen (Kristiansand) er mellom dei aktuelle medaljekandidatane, men her er altså såpass tett at sjølv medaljekandidatar vil kunna oppleva å hamna utanfor finaleheatet. 39 jenter er påmeldt totalt.

200 meter i jenter 16 er det så Vilde Lund Bjørnsen som representerer i Gneist-trøya. Vilde hadde også sine skadeproblem i 2011 og ho har til gode å konkurrera inne i vinter. Ei Vilde i nokolunde slag er normalt (stor-)favoritt på distansen. Også her er Naomi van den Broeck (Hovding) klar medaljekandidat, saman med Vilde Gjesbakk (Rana). På 200-meteren er det 25 utøvarar påmeldt.

Det er 30 påmeldt 60-meteren i gutar 16. Her er det Amund Høie Sjursen som representerer Gneist. Og Amund har hatt ein flott innesesong på distansen. Han er 4. rangert av dei 30 og er høgaktuell medaljekandidat med eit optimalt løp. Dersom alle dei beste stiller i si beste form, så er Amund meir presist bronsekandidat, for her er Eric Alberto Marhaug (Bodø) og Karsten Warholm (Dimna) klare favoittar. Amund sine nærmaste konkurrentar er Sondre Loftås Kåstad (Osterøy) og Henrik Huser (Ullensaker/Kisa).

Endeleg har me altså heile fire gutar med på 60 meter i gutar 15. Det er til saman 37 utøvarar med her. Våre fire må nok ha til mål å pynta på (inne-)persane sine og eit par av dei kan nok tenka seg å smaka på 7-talet. Ivan Berstad er rangert høgast (nr. 21), så følgjer Emil Engelsen Holm (nr. 24), Ivan Høie (nr. 28) og Mats Bjørndal (nr. 32). Ivan B. (8,11) og Emil (8,14) er såpass nærme 7-talet at det her bør ligga ein ekstra motivasjon. Favoritt er Kenneth Vik Gulbrandsen (Asker), men her er høg kvalitet. Jonathan Christensen (Mandal) og heile tre hordalendingar er mellom utfordrarane: Helge Sveindal Rosfjord (Viking), Petter Villanger (Kalandseid) og Kristian W. Jensen (Fana).



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar