onsdag 7. mars 2012

Silje og Henrik (etter 7. vinterkarusell)

Det var gode forhold, men lite folk under 7. vinterkarusellen mandag. Ja, det er "lite", sjølv med rundt 600 deltakarar når det er så optimale forhold som det var denne mandagskvelden i mars. Det var jo nærmare det doble då karusell-sesongen blei innleia på sein haustpart.

Nokre nytta likevel sjansen til å springa fort under dei gode forholda - andre sprang meir eller mindre kontrollert etter å ha trent hardt på treningsleir like før.

Eit fabelaktig løp blei det uansett på Silje Stenersen, som når ho først kom ned på 19-talet på 5km, gjorde det med glans! 19.20 er heile 42 sekund ned frå tidlegare og Silje toppar altså Gneist og omland-lista på 5km kvinner 2011-2012. Sesongdebut blei det på Maria Tyssebotn Berg, som med 25.35 gjekk inn på 5. plass på same lista.

For gutar/menn var det Henrik Irgens Gravdal som hadde det beste løpet, av dei som betra seg i forhold til tidlegare prestasjon. Han sprang på 18.03, ei betring på 21 sekund. "Nøgd med tida, men hadde hatt lyst til å sjå 17-talet", var Henrik sin forståelege kommentar etter løpet. Elles sesong-debuterte ein av Lanzarote-fararane, Stian Norheim, på 5km med 19.16. Det seier seg sjølv at dette ikkje var eit full fart-løp nokre dagar før 1500m i UM. Tida er 10. beste for menn i Gneist og omland i vinter. Jens Larsen Åstveit betra seg med 29 sekund til 20.25 (11. plass) og Henrik Berger Ettrup med heile 46 sekund til 20.51 (12. plass). Og Trond Leikvoll noterte seg for 30.57, ned heile 1.42 frå tidlegare i vinter.

På 10km er det særs lite nytt å melda, men me noterer oss naturlegvis at Anne-Marte Aldal Sætre (også ho Lanzarote-farar) debuterte med stil på 10km, med 50.34 - 3. beste tida i Gneist-systemet på distansen i vinter.

(Og underteikna feira 45 med 5 den 5. Tid: 21,46 (14. plass...))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar