tirsdag 20. mars 2012

Rett skal vera rett

No når me har fått finstudert resultatlistene frå veteran-NM i Leikvanghallen kan me slå fast at me har endå ein norgesmeister i vår sentrale krets: Rettnok representerte Geir Sjursen BFG Fana, men det får me leva med.

Med 7,78 vann han 60 meter i MV45-49, knepent framfor ein som gjekk i småskulen med underteikna for lenge, lenge sidan.

Og, ikkje berre det: Kjersti Bjørndal sin veteranpoeng-rekord blei berre ståande eit par timar, fram til Geir sitt løp. 7,78 er nemleg verdt heile 833 veteranpoeng - og dermed, naturleg nok, opp på 2. plass i veterankonkurransen også med Geir.


For dei noko yngre: Det ligg føre meir interessant statistikk etter inne-UM. På poengoversikten er Gneist fleire hakk høgare enn på medaljeoversikten. Poengoversikten har med dei seks beste i kvar øving. Med andre ord hadde Gneist ein god del plasseringar mellom dei nest-beste også, i tillegg til medaljane. Tyrving er suverent beste klubb i denne oversikten, framfor arrangørklubben Sandnes, medan Gneist på 6. plass berre er knepent bak klubbane på 3., 4. og 5: Ranheim, Haugesund og BUL.

Oppslag om dette og link til bakgrunns-tala frå inne-UM finst her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar