lørdag 10. mars 2012

Mykje lørdagsgott frå Gneist-gjengen

Andre dag av inne-UM gav mykje smågott for Gneist-gjengen i Sandnes. Arrangøren hadde teke seg kraftig saman sidan lørdag, sjølv om det er framleis mykje som skortar på eit fullverdig UM-arrangement. No sprang ikkje Anna Serine Røssland (J15) nokon stor 800 meter, men kvifor ho ikkje fekk seg tid, nei det kan berre (eller sikkert ikkje) arrangøren svara på.

Gutar 15-gjengen sprang gode 60 meterar på morgonkvisten. Emil Engelsen Holm sprengte 8.00-grensa og kom seg heilt ned til 7,92 og 900 blanke tyrvingpoeng. Dei to Ivan-ane følgde flott opp: Ivan Berstad er no nede på 8,06 (862 poeng) og Ivan Høie på 8,11 (848 poeng).

Marianne Benserud (J17) sprang 200 meter på 27,71 (858 poeng).

Ein firarbande - som tar til å bli veldig jamn - er det også i G17, 800 meter: Fødselsdagsungdommen Andreas Iden leverte sesongbeste med 2:07,06 (827 poeng). Eirik H. Karstad fekk seg 2:08,78 (796 poeng) og me tar med eit unntak til frå hovudregelen: Anders Bjørndal reiste kjerringa etter 1500 meter fredag og persa med to blanke sekund til 2:10,34.

Arrangøren måtte utsetja så godt som alle medaljeseremoniar fredagen til i dag, lørdag. Det høva godt for Andreas, som fekk bronsen sin. Dagens bronsegut blei så Håvard Våge Opheim, som med 3,20 plukka ein ny UM-medalje i stav.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar