søndag 18. mars 2012

Veteran-gull

Litt førebels dette, frå veteran-NM i Leikvanghallen, for det ligg ikkje føre offisiell resultatliste før tidlegast mandag, visstnok. Men eit par viktige nyhende har me då alt fått:

Jostein Lie (MV45-49) vann gull i kule på 8,41. Det gir 447 veteranpoeng. Sterkare resultat var likevel bronsen på 800 meter. Tida her blei nemleg så god som 2:24,95, som er verdt 612 veteranpoeng!

Dette plasserer Jostein i toppen på årets veterankonkurranse!

Så er det også ein merkedag i Gneist sin veterankonkurranse. Ikkje berre vann Kjersti Bjørndal (KV40-44) gull på 60 meter med 8,58. Det er også det første resultatet av ein kvinneleg Gneist-veteran sidan oppstarten på vår særs høgtidlege veterankonkurranse i 2009! Og, ikkje berre det, det er i tillegg den høgste veteran-poengsummen i den same konkurransen si historie: 764 poeng!


Til sist eit ungdommeleg supplement: Under Norwell-leikane i Florø lørdag sprang Magnus Leikvoll (G16) 100-meteren på 12,92 (792 poeng). Det skal - etter mine notat - vera ei solid persforbetring frå 13,27 i utesesongen i fjor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar