lørdag 10. mars 2012

Gratulerer, Andreas!

Då har arrangøren i Sandnes IL arbeidd gjennom natta og manuelt lagt inn resultata frå fredagen. Det er altså ikkje manuelle tider, dei har berre måtta puncha inn resultata på manuelt vis.

No ja, då kan me også litt meir systematisk gå gjennom Gneist-utøvarane frå første UM-dag.

Og aller først ein dobbelt-gratulasjon til Andreas Iden - dagens 17-årsjubilant! Han blei Gneist sin første medaljevinnar, då han tok bronse på 1500-meteren i G17 (naturlegvis). Det er også svært gledeleg at Andreas med det løpet viser at han er tilbake, bokstavleg talt. Det var kanskje hans beste løp sidan han sprang innomhus i Manchester og omland for eitt år sidan. Løpet gjekk unna på 4:14,79, som er verdt 938 tyrvingpoeng.

Ole Martin Røssland (også G17) persa i same løpet til 4:16,94 (923 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang inn på den rundelege tida 4:25,00 (909 poeng). Stian Norheim i same aldersklasse fekk 4:34,45 (842 poeng).

I G15 fekk Stian Aarvik svært knapt med oppvarming, etter at flyturen frå Flesland blei ein time forseinka. 4:34,70 (897 poeng) var likevel ein habil årsdebut på 1500 meter.

Ingrid Helene Nyhus (J15) var særs nære medalje (4. plass) på sin 1500 meter. Ho persa til 5:06,23 (878 poeng).

Og noko som ikkje var 1500 meter: Marianne Benserud (J17) sprang inn til 8,54 i forsøket på 60 meter og skal med det vera klar for semifinale på distansen i dag, lørdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar