lørdag 3. mars 2012

Før inne-UM (IV)

Då er me komne til ei lita rekke med såkalla "langløp". I UM-samanheng innomhus betyr det 800 meter og 1500 meter. I det større biletet - når ein kjem ut - så er jo dette mellomdistanse, men i Sandnes neste fredag så er 1500 meter langdistanse, i alle fall det lengste som går føre seg der.

Først gjeld det gutar 16, 1500 meter. Her stiller Aleksander Lie - 16 år og 1 dag når startskotet går fredag 9. mars - og Stian Norheim i Gneist-drakta. Nivået i 1996-klassen er veldig delt; dei beste er veldig gode, så er det eit lite hopp til midt-sjiktet og så er det ein liten bukett eit stykke bak der igjen. Totalt er 19 utøvarar påmeldt. Aleksander er rangert som nr. 7 og Stian som nr. 10. Det er tre klare medalje-favorittar i Anders Sørensen (Tjalve), Markus Harbo (Skjalg) og Mathias Berntzen Engevik (Nittedal).

800 meter, gutar 16 er det mykje det same biletet. Her er nokre fleire deltakarar; 26 i talet, men det er framleis Aleksander og Stian som er Gneist sine representantar. Her har Aleksander sprunge godt i vinter og er tett bak dei aller beste, sjølv om han er rangert som nr. 8 av dei 26. Stian blir rangert som nr. 21. Same trioen som på 1500 meter er favorittar - Sørensen, Harbo og Engevik - men det er openbart at det her er fleire som er reelle outsiderar. Mellom dei er Varegg sin Jonas Gjesdal og Bergens Turnforening sin Sondre Dingsør Skogen.

Så over til 15-åringane sine to "langløp". Her har Gneist éin utøvar representert på kvar av dei to løpa; Stian Øvergaard Aarvik. På 1500 meter er det 16 påmelde deltakarar. Her rangerer me Stian som nr. 7. Han bør såleis finna plassen sin i beste heatet her, noko som kan - om Stian har dagsformen inne - dra han inn til ei god vinter-tid. Favoritt er stordabuen Lars Lunde, som sprang rett under 4.15 på KM sist helg, men det blir også spennande å sjå kva Abdurrahman Hir (Selsbakk) er god for på denne distansen. I tillegg må Joakim Gustavsen (Dimna), som var tett bak Lars Lunde under Pingvinlekene, og Sondre Aksel Qvale (Bøler) nemnast.

800-meteren er det også her nokre fleire utøvarar med; 22 i talet. Stian er på same viset rangert like over midten her, på 10. plass. Her snur me på flisa og nemner Abdurrahman Hir (Selsbakk) først mellom favorittane, like over 2.02 som han har i vinter, med Lars Lunde og Sondre Aksel Qvale som sterke utfordrarar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar