onsdag 29. februar 2012

Før inne-UM (I)

Då er påmeldingsfristen til inne-UM i Sandnes neste helg gått ut og det er muleg å sjå nærmare på øvingane som den store Gneist-troppen skal vera med i. Troppen er vel på 26 (!) utøvarar og er "rekordstor" (hermeteikna er der berre fordi eg ikkje har full oversikt lang tid tilbake, men eg kan vanskeleg sjå at det finst større Gneist-tal i historiebøkene enn dette). Samtidig er det venta at 2013-UM vil ha endå fleire frå Gneist med!

Gneist var 10. beste klubben i medaljeoversikten i inne-UM i Ranheimshallen i mars i fjor. Då blei det 3 gull, 4 sølv og 3 bronse.

Øvingane eg ser nærare på i dag er lengde J17, 60 meter  J17, 60 meter J15 og stav, G16.

I lengde, J17, er det totalt 17 påmeldt - to av dei frå Gneist. Maren Risøen ventar me framleis på at skal nærma seg topp-nivået sitt igjen i lengde. Eit nytt fem-meters hopp vil vera tett på finaleplass (åtte beste). Basert på resultata inne i år og ute i fjor, så er Maren rangert som nr. 9. Tina Therese Jenssen har det vore stille rundt på konkurransefronten ei god stund. Ho er rangert som nr. 14 i lengde. Dei tre favorittane i øvinga er Anne Engen Andersen (Frol), Anna Kvam (Kristiansand) og Astrid Marie Gussiås (Molde-Olymp).

På 60 meter i J17 er det to Gneist-jenter med. Her er også Maren Risøen med, medan Tina Therese er "bytta ut" med Marianne Benserud. Totalt er 28 utøvarar påmelde i øvinga og dei beste held eit godt nivå. Bak desse er det ganske tett. Marianne er rangert som nr. 17 og Maren som nr. 22 på førehand. Av våre lokale håp elles er det Bjarg-løparen Elise Una Mikkelsen det er størst voner til. Ho er medaljekandidat. Sidsel Bjørgo Adam (Fagernes) er favoritten.

På 60 meter, J15, har me to debutantar med. Det er Sara Lise Lund Alfheim og Kaja Heldal Trovåg. Den siste er debutant heilt og fullt, så vidt eg veit, medan Sara Lise har éi stemne-deltaking bak seg: hoppstemnet på Ytrebygda i februar 2011. Det er såleis ganske uråd å spå om kva dei vil vera gode for på denne 60-meteren, men dei vil nok ikkje prega dei øvre delane av resultatlistene. Totalt er her heile 48 påmelde i øvinga - og toppen i J15 er vel så god som toppen i J17. Det ligg an til eit knallsterkt finaleheat der Nesbyen si Grace Ogoti er favoritten, medan Synnøve Bjørgo Adam (søster av Sidsel, J17, frå Fagernes) og Alice Ulla Berg (Ålesund) er sterke utfordrarar. Fana-jenta Elina Drivenes er outsider til ein finaleplass.

I stav, G16, har me også to Gneist-utøvarar med - og her har me også to medaljekandidatar. Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim hadde eit fantastisk inne-UM på Ranheim i fjor (sølv og bronse), der dei berre steig høgare og høgare. Det er naturlegvis håp om det same i år også, i ein tett klasse. Jonas Bergkvist Melå er favoritten, men her er det tett og definitivt reelle medaljehåp også i år for Magnus og Håvard.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar