Medan me her heime ventar spent kva våre to veteran-representantar (Kjersti Bjørndal og Jostein Lie) kan utretta i NM i Leikvanghallen søndag, så tikkar det inn nytt om brørne Rinde sine bravadar under Bamselekene i Stangehallen.
Mellomste bror Håvard Rinde (G11) sprang 600 meter på 2:04,65 (489 poeng), medan storebror Sondre Rinde tydeleg fekk ting til å stemma både på 60 meter og i lengde.
På 60 meter vann Sondre først sitt forsøksheat på 8,06, før han persa seg ned til 7,96 (943 tyrvingpoeng) i finalen. Det heldt til 2. plass.
2. plass blei det også i lengde, med tangering av utepersen frå Gøteborg i fjor sommar; 5.09 (868 poeng).
Me har også eit par utøvarar i Florø i helga (Norwell-leikane), men der må venta litt på dei offisielle resultatlistene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar