fredag 2. mars 2012

Før inne-UM (III)

Tyrving er desidert største klubb til inne-UM i Sandnes. Bak der er det tett: arrangørklubben Sandnes har nest-flest deltakarar, Haugesund 3. flest og... Gneist 4. flest! Me er altså i godt selskap.

I lengde for gutar 15 er det påmeldt to Gneist-utøvarar, Emil Engelsen Holm og Mats Bjørndal. Til saman er det heile 27 gutar påmeldt, så her blir det tøff kamp om dei åtte finaleplassane. Både Emil og Mats har litt veg opp til 5- metersmerket, som ein bør over for å ha sjanse på finale. Emil er rangert på 18. plass og Mats på 21. plass på førehand. Favoritt er Erik Lund frå Brandbu, medan Odin Hallquist (Bækkelaget) og Kristian W. Jensen (Fana) er to av dei nærmaste utfordrarane.

Det eine stafett-laget der det er Gneist-utøvarar representert, er gutar 15-17 sitt lag på 4 x 200 meter. Her er det - dersom eg har vore i stø i teljinga - 11 lag påmeldt - og det er mange særs sterke lag. Fleire av dei sterkaste laga har toppløparar frå 17års-klassen med, medan Gneist har få sprintarar mellom 1995-gutane. Det er vanskeleg å rangera laga - og lagoppstillingane er ikkje formelt klare før like før start i Sandnes, men det er nok realistisk å tru at Gneist-laget hamnar på nedre del av lista av dei 11 laga, men gjerne så høgt som muleg på nedre del?... Haugesund, Tyrving, BUL og Sandnes kjempar om dei tre medaljane.

Endeleg kikkar me på 800 meter, jenter 17, der Vilde Omholt er ei av dei til saman 12 jentene på startstreken. Her er det både god kvalitet på feltet og mange svært jamne utøvarar, basert på fjorårsresultat (og littegrann frå innandørssesongen). Vilde er rangert som nr. 11 på førehand. Eg trur vel Vilde kjem til å koma langt sterkare seinare i sesongen enn alt no til inne-UM. Aurora Selstad Dybedokken (Tyrving) og Ida Elise Eltervaag (Skjalg) kjempar normalt om sigeren, medan Vilde Antonsen (Orion) er bronsefavoritt. Tre Laksevåg-jenter er i sjiktet bak der; Susanne Sandstø, Julie Strøm og Ragnhild Seim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar