torsdag 8. mars 2012

Dårleg generalprøve

Då er det 15 timar til den offisielle opninga av UM i Sandnes. Det er meldt om kraftig vind og regn på vegen sørover. Det går jo greitt så lenge ein kjem vel fram, når meisterskapet er innomhus. Samtidig blir det meldt at Norges største friidrettshall ikkje har tilbod om oppvarming inne... Det kan bli heftig om vermeldinga slår til! (For to år sidan var det ein halvmeter med snø og fleire minusgrader midt i mars, også i Sandnes...)

Vel, vel. Dette kan jo bli bra, for generalprøven i Sandneshallen onsdagskvelden gjekk slett ikkje bra. Då svikta tidtakaranlegget totalt. På 60 meter i G15/16, til dømes, var det sju som sprang men berre vinnaren har fått seg ei (slags) tid - manuelt.

Så då får ein satsa på at problema er løyste og at premieren fredag kan bli monaleg betre enn dette...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar