lørdag 24. mars 2012

Fire KM-gull og éin klubbrekord

Då er eit par dagar i 15-16 graders Østfold-vår unnagjort for underteikna. I mellomtida har det skjedd nokre saker og ein del ting i friidrettsmiljøet lokalt.

På Vikastemmo på Leirvik blei det fire KM-gull til Gneist i terrengløp (eitt mindre enn stipulert frå denne bloggen, men her må leggast til at ein av førehands-favorittane, Jørgen Jensen Axelsen, måtte trekka seg). Dei fire gullvinnarane var Renate Lie (J14), som altså då greidde å ta sitt fjerde strake KM-gull i terrengløp av fire mulege, Henrik Irgens Gravdal (G14), som vann heilt utan konkurranse men likevel solid gjennomført, Ingrid Næss Johansen (J15), som innfridde favorittstempelet og sprang eitt av sine beste løp på ei god stund, og Ole Martin Røssland (G17), som vann sitt første KM-gull i terrengløp.

Sjeldan kvilande Tom Roger Johansen er i gang med Kondis-reportasje frå arrangementet og den finn ein her.

Fredagskvelden var rekruttane og eit par andre i elden i Høiehallen. Her merkar me oss eit flott lengdesprang av Herman Ellingsen (G10), som med 3,47 oppnådde 864 tyrvingpoeng.

Lørdag blei så siste innomhus-stavstevnet i Gneist-regi arrangerte på Leikvang - medan vårsola varma ute... - og her betra Marianne Benserud (J17) si bestenotering med to nye centimeter frå UM i Sandnes, no til 3,32 (1024 tyrvingpoeng og betring også av klubbrekorden). Magnus Leikvoll (G16) betra sesongbeste til 3,12 under same stemnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar