mandag 5. mars 2012

Før inne-UM (VII)

Eg veit det; til utandørsstemne er eg etter måten mykje oppteken av vermeldingane i forkant, sånn er det berre. Til helga er det meldt om godt med vind og godt med regn i det sør-rogalandske, men det gjer berre litt (litt ute må ein jo vera), for sjølve stemnet er vindfritt og verfritt inne i den største friidrettshallen (med noko attåt) i landet.

Tre litt ulike øvingar blir gjennomgått i dag, først: 800 meter, jenter 15. Her stiller Gneist med tre utøvarar; Ingrid Næss Johansen, Ingrid Helene Nyhus og Anna Serine Røssland. Ingrid Helene debuterer lørdag på 800 meter. Dei to andre sprang habile løp på distansen ute i fjor, men har ikkje fått opp farten på sine respektive løp inne så langt. Det gjer då også vurderingane og rangeringa utfordrande. Det er 25 jenter påmeldt i øvinga. Eg rangerer Ingrid Helene som nr. 7, basert på formen hennar elles i vinter, sjølv om rangeringa mi for henne neppe fell saman med arrangøren si seeding. Ingrid er rangert som nr. 8 og Anna Serine som nr. 13. Klar favoritt er Johanna Jansson (Børsa). Her er mange sterke kandidatar til medaljane elles, men eg held ein knapp på dei to Fana-jentene Elina Drivenes og Målfrid Pettersen Lunde.

Lengde for gutar 16 kan bli ei øving med høg kvalitet. Karsten Warholm (Dimna) er favoritt etter sitt hopp på 7,06 under Pingvinlekene i februar. Ikkje langt bak der er det ventande at Ingar Kiplesund (Trondheim) plasserer seg, men ein klar utfordrar og i alle fall bronsekandidat er vår eigen Amund Høie Sjursen, som har heile 6,37 inne i vinter. Til saman 19 utøvarar er påmeldt øvinga.

Endeleg, i dag, er me framme med 200 meter for gutar 15, der me har tre utøvarar med mellom dei totalt 29 som er påmeldt. Emil Engelsen Holm har hatt ein flott innesesong så langt og blir rangert på 10. plass, Ivan Berstad er i rask framgang etter friidrettsdebuten i oktober i fjor og er rangert på 17. plass og namnebror og kompis Ivan Høie blir på førehand plassert på 20. plass. Men begge Ivan-ane viser framgang og bryt nye barrierar for kvart løp dei stiller. Tre favorittar peikar seg ut: Kenneth Vik Gulbrandsen (Asker), Helge Sveindal Rosfjord (Viking) og Abou Granli Diomandé (Orion).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar