søndag 11. mars 2012

Stafett-supplement!

Så blei det gull til BFG-laget på 4 x 200 meter, J15-17 - med to Bjarg-jenter (Sara Berrefjord og Elise Una Mikkelsen) og to Gneist-jenter: Monik Benserud og Vilde Lund Bjørnsen. Dei kompletterte ein flott avslutningsdag for Gneist. Og - medrekna BFG-gullet - så blei det tre gull, to sølv og to bronse - sju medaljar totalt (éin mindre enn stipulert frå denne bloggen).

Det er i høg grad flott innsats! Og her er mange gode prestasjonar i tillegg, som lovar godt for resten av 2012-sesongen - og ute-UM...

Gutane sitt stafettlag overraska stort med ein flott 4. plass. På laget sprang Aleksander Lie, Amund Sjursen, Emil Engelsen Holm og Eirik H. Karstad. Tida 1:38,59 var fattige 3/100 bak bronsen til Dimna i øvinga! (Og tida er også offsiiell ny klubbrekord i den tidlegare sjeldne øvinga 4 x 200 meter, som truleg blir vanlegare i innestemne framover.)

Svært godt inne-UM for Gneist!

(Og mykje lærdom å ta med seg for Sandnes IL og NFIF på arrangør-sida.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar