Då er nesten tredje og siste dag over i inne-UM i Sandnes - og det blei ein svær dag med mange Gneist-medaljar og flotte prestasjonar.
Vilde Lund Bjørnsen (J15) er tilbake for fullt: 26,11 i forsøket på 200 meter (klart best) først, noko som var verdt 1003 poeng. Deretter tok Vilde gullet på 26,03 (1009 poeng)!
Monika Benserud (J16) hoppa seg til GULL i stav (2,70).
Marianne Benserud (J17) tok sølv med glitrande 3,30 (1020 poeng og klubbrekord) i stav.
Amund Sjursen (G16) vann sølv i lengde (6,22).
Emil Engelsen Holm (G15) persa solid på 200 meter med 25,10. Det gir 906 poeng og det gjer også at Emil er kvalifisert for ute-UM på distansen. (I finalen blei det 25,28 og 4. plass - godt over forventninga!)
Ivan Høie (G15) betra seg på 200 meter til 26,28 (806 poeng).
... Så er det full fart til Sola... og så får stafett-innsatsen koma i eit supplement heime frå Søvikheia...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar