tirsdag 6. mars 2012

Før inne-UM (VIII - siste bolken)

Då er me framme ved vegs ende i førehandsomtalen av årets inne-UM. Tidsskjemaet er også klart (eller nesten klart om ein held på med kule og er av dei vaksnaste ungdommane - altså ikkje vidare aktuelt for Gneist-gjengen). Det fortel at det blir ein smule hektisk for ein god del utøvarar frå flyet landar på Sola tidleg fredag ettermiddag. Første 1500-meter, til dømes (med Stian Aarvik, G15), går alt klokka 15.30...

Det er fire øvingar som gjenstår med Gneist-deltaking å gå gjennom. Den første er jenter 15 sin 1500 meter. Her er det ti påmelde og heile seks av dei er frå Hordaland! Tre av desse igjen er frå IL Gneist. Også her er det  ei utfordring å rangera, fordi opptil fleire ligg eit hakk eller to etter årsbeste frå utesesongen og det er også sjukdom og andre plager inne i biletet like i forkant av UM. Ingrid Helene Nyhus har uansett hatt ein flott innesesong så langt og er rangert som nr. 3. Ingrid Næss Johansen, dersom ho er frisk og rask fredag, vil eg rangera bak der igjen, på 4. plass, medan Anna Serine Røssland blir rangert som nr. 6. Johanna Jansson (Børsa) er klar favoritt og så er Linn-Kristine Bloch Børke (Trondheim) plassert knepent framfor Ingrid Helene.

1500 meter for gutar 18/19 stiller Magnus Pettersen Lunde i Gneist-drakta. Her er det eit knallsterkt felt, med totalt 21 påmelde. Magnus er i klar framgang, men blir rangert som nr. 19. Å klatra vidare i tid må vera hovudmålet. Arrangørklubben sin Filip Ingebrigtsen er favoritt, saman med Erik Udø Pedersen (Holum) og Sindre Løchting (Orion). Det nærmaste til ein lokal favoritt må vera Sander Sekkingstad Terum frå Aurland, som også har vore flittig gjest i Leikvanghallen i vinter.

I høgde for gutar 16 har me heile tre Gneist-utøvarar mellom dei 13 på startlista; Magnus Leikvoll, Håvard Våge Opheim og Amund Høie Sjursen. Alle tre har til overmål 1,65 å slå i bordet med. Det plasserer dei på delt 9. plass på rangeringslista. Målet for alle er nok å heva seg ytterlegare og då er 1,70 - ute-UM- kravet - eit openbart mål. Favoritt er Karsten Warholm (Dimna), med Sverre Blom Breivik (Sandvin), Eric Alberto Marhaug (Bodø) og Kristoffer Hasfjord (Hareid) som medaljekandidatar elles.

Aller sist så er to av høgde-hopparane også med i kule for gutar 16, nemleg Magnus Leikvoll og Amund Høie Sjursen. Amund er rangert som nr. 7 og Magnus som nr. 8 av dei 11 påmelde. Det er tett eit par plassar oppover, men dei fire fremste er nok klare medaljekandidatar. Aller fremst her er Thor Olav Rosvold (Asker), følgt av Kristoffer Hasfjord (Hareid), August Oksavik (Dimna) og Trygve Godtliebsen (BUL-Tromsø).

Det blei altså ti Gneist-medaljar i inne-UM på Ranheim for eitt år sidan. Eg har vel stipulert åtte i år gjennom denne rangeringa. Blir det tangering frå i fjor, så skal ein var svært godt nøgde!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar