søndag 18. mars 2012

Super 200 meter

Sondre Rinde (G14) viste særs god form i går under Bamselekene på Stange. I dag, søndag, følgde han opp med ein suveren 200 meter. Den gjekk unna på 25,57 - ei pers-senking på 20/100. Løpet er verdt 934 tyrvingpoeng.

Sondre stoppa på 26,02 i utesesongen i fjor. Den nye tida nærmar seg klubberkorden i årsklassen - og Sondre har også no kort veg til UM-kravet for G15, som han altså kan ta alt i år.

Dette var eit flott punktum for innesesongen.

I kule har Sondre, i og med lengstestøtet sitt søndag, kasta 9,52 to gongar (706 poeng). Begge deler har skjedd i Stangehallen (første gongen under Hyundai Indoors i februar).

Litt ikkje-Gneist- nytt til slutt: Under førre helgs UM i Sandnes skjedde det litt av kvart. I høgde i G16 var det kluss både på eine og andre måten. Sverre Blom Breivik frå Sandvin i Vestfold vann då gullet på 1,84, medan førehandsfavoritten Karsten Warholm frå Dimna måtte hinka ut med ein skade på 1,80. Warholm hadde 1,90 som pers før UM. I dag viste unge Breivik seg UM-gullet verdig då han hoppa seg opp frå 1,84 (som også var gamlepersen) i UM til 1,90 under dei same Bamselekene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar