fredag 2. mars 2012

2013: Full fart med flaskesamling

Medan 2012 er eit etter måten billeg år, når det gjeld reiser til meisterskap, så blir 2013 ei heilt anna historie. Fredag blei arrangementa for 2013 fordelt - og det kan bli heftige saker økonomisk. (Her kjem altså flaskesamlings-poenget inn.) Men det er også gode nyhende for dei som kjenner seg litt snytt for friidrettsturar i år, med "berre" Sandnes til inne-UM og så "langtur" til Ravnanger til ute-UM.

Altså: inne-UM i år går i Sandnes, det er rett nedi her ein stad. I 2013 går inne-UM i Steinkjer. Det er eit godt stykke mot nord. I år har Gneist 26 utøvarar med i Sandnes, det er temmeleg mange. I 2013 er det svært sannsynleg at talet blir (godt) over 30. Til Steinkjer, altså.

Ute-UM i år går på Ravnanger Idrettspark på Askøy. Då blir det privatbilisme og soving heime i eigne senger. I 2013 går ute-UM på Lillehammer. Skilnad det også.

Og ein siste: kortløype-UM/NM i terrengløp går i april i år i Strandebarm i Kvam. I 2013 går tilsvarande meisterskap på Hønefoss (Ringerike Friidrettsklubb). Jo da.

Og elles? Jo, rett skal vera rett: Inne-NM, som denne helga går i Steinkjer, skal i 2013 gå i Haugesund. Her snakkar me ikkje om mange Gneist-utøvarar (BFG), men eit par-tre kan det no bli.

UM/NM i stafettar går i mai i år austpå (Jessheim). I 2013 er det Sandnes IL som tar på seg endå eit større friidrettsarrangement.

Junior-NM går i år i Sigdal i Buskerud. I 2013 er det Overhalla i Namdalen i Nord-Trøndelag som overtar.

UM/NM i terrengløp, lang løype, skal til hausten i år gå på Ås. I 2013 skal også det til Nord-Trøndelag; til Frol i Levanger.

Sjølvaste hovud-NM går i 2012 i Kristiansand, i 2013 skal det gå i Tønsberg og i 2014 (her ligg ein altså eit heilt år framfor dei andre arrangementa) er det Ullensaker/Kisa og det nye stadionet på Jessheim (årets stafett-NM/UM- arrangør) som skal vera vertskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar