For meg som mellom anna driv med pressehistorie i det daglege, så finst det ei gammal vandrehistorie med ein solid dose sanning i seg: Det var den gamle venstreavisa som slo fast i ein tittel at "...I kveld avholdes et vellykket Venstre-møte".
Og slik må det vel bli med Bloggaren sitt forhold til Friidrettsklubben BFG Fana heretter? I alle fall hamna han, saman med kjente Gneist-ansikt som Jostein Lie (ny nestleiar i BFG) og Jon Iden i BFG sitt styre.
Kor bloggen og bloggaren går, ja det gjenstår å sjå. Det einaste eg kan lova - som bloggar og som styremedlem - er så ofte som eg kan å fokusera på det sportslege og la utøvarane vera i sentrum.
Det var programerklæringa.
Og elles blir det naturlegvis halde eit vellykka styremøte i BFG i løpet av april månad.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar