søndag 4. mars 2012

Før inne-UM (VI)

Då er me komne til eit par smålåtne konkurransar, når det gjeld talet på deltakarar, men der det er særs gode medaljesjansar for Gneist.

I stav i  jener 16 er det nemleg berre tre deltakarar påmeldt og då skulle sjansen til å ta medalje for Monika Benserud vera rimeleg god. I utgangspunktet er det ein viss skilnad mellom alle dei tre påmelde, slik at Lene Retzius frå Moelven er storfavoritt, Monika er sølvfavoritt og deretter kjem Katarina Fallsen (også Moelven) - men det skal hoppast først.

Også i stav, jenter 17 kan me vera rimeleg trygge på medalje. Her er det fire påmelde, men to av dei er frå Gneist; Marianne Benserud og Tina Therese Jenssen. Her er det i utgangspunktet gullkamp mellom Laksevåg si Paula Llano og Malin Vik Gregor frå Orion, med Marianne ikkje svært langt bak der. Tina Therese er rangert som nr. 4.

Så er me komne til andre og siste stafett-laget med Gneist-representasjon, laget i 4 x 200 meter, jenter 15-17. Stafett-spådommar er alltid vanskelege. Laga er uklare no, men dei kan også endra seg fram mot start på grunn av sjukdom eller småskadar undervegs i meisterskapet. Desse jentene har rett som det er stilt som BFG-lag, med "gjest(er)" ikkje minst frå Bjarg. Så sant ein kan stilla nokolunde med beste mannskapet på dette laget, så er det ein soleklar medaljekandidat. Til saman er ni lag påmeldt. Tyrving og Sandnes er andre sterke lag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar