fredag 9. mars 2012

... og verre premiere

Første dag under inne-UM i Sandnes blei ein kaotisk affære - ikkje verdig eit ungdomsmeisterskap.

At kortløp og rundbaneløp gjekk samtidig, var ikkje noko god løysing.

Når startskot på hekk gjallar medan 1500 meter-løparar spring forbi, rett ved startaren, ja då er det ein smule parodisk.

Når eit super-spennande gutar 16-heat på 1500 meter er midt i innspurten, så er arrangøren/speaker i full gang med premieutdeling. Det er heilt bak mål.

Og så overgjekk ein altså generalprøven då resultatsystemet slutta å fungera på tidleg ettermiddag. Det er i skrivande stund i det blå om det kjem til å dukka opp offisielle resultat - utover ei rekkefølgje - i fleire øvingar. Det betyr at fleire utøvarar - også frå Gneist - går glipp av personlege rekordar.

Og oppvarming? Jo, veret var heldigivis blitt brukande etter kvart til å varma opp ute, men etter innmarsjen var det slutt på skikkeleg oppvarming. Det var ingen stader å ta skikkelege oppvarmingsdrag.

Dette er underteikna sitt femte UM. Det er så langt det desidert mest problematiske som idrettsarrangement. Her var det til dels svært uråd å veta kva som føregjekk. Og speakertenesta var flinkare til å opplysa om stillinga under VM-stafetten i skiskyting enn kva som gjekk føre seg - til dømes på 60 meter hekk på andre sida av banen.

Noko positivt å seia? Vel, dette kan berre bli betre...

Og jo da, Norge vann skiskyttar-stafetten i Ruhpolding.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar