onsdag 21. mars 2012

Tid for terrengløp

Stord IL arrangerte KM i terrengløp i april i fjor. Då tok Gneist 3 gull, 3 sølv og 3 bronse.

I år er det igjen klart for KM i terrengløp i samband med Parkløpet på Leirvik. I år skjer det så tidleg som 24. mars, men dersom vermeldingane slår til, så blir det full vår under årets KM i terrengløp.

Ved avslutninga av påmeldingsfristen var det ikkje svært mange påmelde til helgas arrangement. Eg mistenker at det kjem dettande inn ein del påmelde etter fristen, så det er med klare atterhald at gjennomgangen nedanfor blir gjort.

I Jenter 11 er det til saman sju påmelde jenter, éi av dei er Sara Tyssebotn Berg. Her har me for tynt grunnlag til å tippa. Jenter 11 spring 600 meter.

I Jenter 14 er det fire påmelde jenter, to av dei frå Gneist. Renate Lie er favoritt til å ta sitt fjerde strake KM i terrengløp (av fire mulege). Linn Seliussen frå Fana er naturlegvis utfordrar, medan det burde vera muleg å kjempa om medalje også for Maria Tyssebotn Berg. Jenter 14 spring 800 meter.

I Jenter 15 er det så langt fem påmelde, to av dei frå Gneist. To av dei fem påmelde er for meg nye, ukjente jenter frå Norna-Salhus. I utgangspunktet får me likevel tru at Ingrid Næss Johansen kan ta steget opp frå sølv-plassen i fjor og at Anna Serine Røssland kan slå følgje til pallen. Jenter 15 spring 1000 meter.

Eitt sikkert gull så langt finst i Gutar 14, der Henrik Gravdal er einaste påmelde. Me får håpa det kjem nokre slengarar til, men Henrik blir fort favoritt uansett. 800 meter, slik om lag, skal løypa vera her.

I Gutar 16 skal det springast 1000 meter og her er heile åtte påmeldt innan fristen gjekk ut. Aleksander Lie vil normalt kjempa om medalje, med Stian Norheim eit par hakk bak medaljeplass. Sterkast på papiret er kan henda Varegg sin Jonas Gjesdal og Norna-Salhus sin Gustav Iden.

Det er blitt seks deltakarar så langt i Gutar 17, der halvparten representerer Gneist. Dei skal springa 1500 meter og bronse-vinnaren frå UM, Andreas Iden, vil normalt vera favoritt, med Ole Martin Røssland som medaljekandidat. Jørgen Tvedt frå Norna-Salhus synest å ha kome i god form og vil heilt klart vera med og kjempa. Anders Bjørndal bør vera i nærleiken av dei beste.

Til sist har me - i alle fall så langt - med Jørgen Jensen Axelsen i Gutar 18/19. Også her er det seks utøvarar påmeldt til no og Jørgen vil normalt vera favoritt, sjølv om han visstnok skal ha litt skadetrøbbel.

Eit råtips er altså fem Gneist-gull på lørdag (som det blei på Stend i 2010) - og ein tre-fire medaljar i tillegg.

So får me nett sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar