onsdag 21. august 2013

Stordleikane dag 3 (altså søndag)

Ah, sjå der, der var jammen resultata også frå 3. og siste dag av årets Stordleikane på plass. La oss slå det fast med ein gong: Deltakinga generelt og spesielt frå Gneist var temmeleg svak dette året. Samla sett meiner bloggaren at deltakinga frå Gneist på KM for dei yngste og under tradisjonsrike Stordleikane gir eit urovekkande signal.

Så får Gneist-ungar i alle aldrar motbevisa skepsisen under komande helgs Gneistspelen!

Nora Øvergaard Aarvik (J14) står fram som det store Gneist-namnet frå Stordleikanes siste dag. Ho svinga seg over heile 1,60 i høgde og er det fremste høgdetalentet i løpsklubben Gneist på ei god stund. Ja, med 1,60 sletta ho Amalie Tefre Skage sin klubbrekord (1,59) i J14 frå 2005! Hoppet er også verdt 1015 poeng og dermed kan me ønska Nora tilbake i 1000 poengs-klubben.

Kristoffer Blücher (G14) hoppa 5,59 i lengde (968 poeng).  Kristoffer var også - saman med Pål Haugen Lillefosse, Kristian Schjønningsen og Gjert Høie Sjursen - med på 4 x 100 meter laget i G13
/14 som sprang i mål på 50,98 (berre eit kvart sekund bak klubbrekorden frå 2001).

Andreas Iden (G18) var med på eit veldig tempo frå start på sin 1500 meter og fekk betala for det undervegs, men uansett var løpet eit nytt prov på at pila har teke til å peika oppover igjen for Andreas: 4:17,23 er årsbeste på distansen (893 poeng).

Då var me i mål i vene Sunnhordland for denne gongen. I 2014 kan det fort bli endå venare, når det nye friidrettsdekket i ærverdige Husnes Idrettspark blir ferdig! Paavo og andre spesielt interesserte kan studera den gamle stavkjempen Tjerande Lunde ta først gravemaskin-taket HER!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar