Då er underteikna tillbake etter 100 mil i bil og ei helg i skogen i Nittedal, Akershus.
Det er mykje å ta igjen. Eg startar internasjonalt:
Tre BFG-utøvarar representerte Norge under juniorlandskampen i sør-finske Espo i helga.
Monika Benserud vann sølv i tresteg, der ho også persa med fire fine centimeter, til 12,27 - 1007 tyrvingpoeng og betring av eigen J17-rekord i Gneist. Med det er ho også berre sju centimeter bak klubbrekorden til Amalie Skage i BFG. Monika var også med på bronselaget på 4 x 100 meter stafett.
Ole Martin Røssland debuterte på 3000 meter hinder under Nordisk. Han hadde langt større voner enn det resultatet blei, men 10:01,84 er i alle fall pers (...), det er også klubbrekord i G18 i Gneist (ledig) og det er faktisk verdt 981 tyrvingpoeng.
Renate Lie fekk med seg både 400 meter og 4 x 400 meter-etappe, og ho melder sjølv om stigning i programmet, med ein god stafettetappe søndagen. Fantastisk verdifull erfaring blei det i alle fall for førsteårsjunioren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar