mandag 19. august 2013

Stord-leikane dag 2 (altså lørdag)

Då er eg ajour i alle fall med Stord IL si utlegging av resultat frå Stordleikane. Søndagen, siste dag, let venta på seg. Men her er highlights frå dag 2 - dagen då det var finast ver denne helga. (Eg tar atterhald om at dei førebelse resultatlistene kan innehalda feil og manglar, noko vindmåling manglar og det er vindmåling som verkar noko underleg.)

Pål Haugen Lillefosse (G12) held fram der han starta fredagen; med å pynta på rekordar. På 60 meter hekk blei det 9,97 (1046 poeng). Pål hadde sjølv den gamle klubbrekorden med 10,02 (9,99 inne).

Amund Høie Sjursen (G17) har gjort store framsteg i nøkkeløvingar i år. På Stord blei det like så godt heile 1,90 i høgde også (979 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) sprang 80 meter hekk på 12,23 (974 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) held fram med å småpynta på 200 meter-persen sin: Sist helg blei det 23,94 i Moss, denne helga 23,92 på Stord (964 poeng).

Håvard Rinde (G12) støtte kula heilt til 9,83m (955 poeng). Han sprang 60-meteren på 8,65 (932 poeng). I tillegg blei det 4,63 i lengde på Håvard, men her manglar eg førebels vindmåling.

Gjert Høie Sjursen (G13) pynta på 60 meter-tida si, med to hundredelar, til 8,34 (908 poeng). I spyd blei det 39,03 på Gjert (880 poeng), betring av eigen klubbrekord med godt og vel meteren.

Espen Bjørndal (G13) sprang 60 meter hekk på 10,59 (842 poeng).

Stian Norheim (G17) er mellom dei langtistanse-utøvarane i BFG Bergen som slit med å betra seg monaleg på langdistanse, men i staden får framgang på dei kortare. På 800 meter har Stian betra persen to gongar på fem dagar, til 2:08,23 på Stord (806 poeng).

Sanne Myrmel (J14) er også med i "pynte-klubben"; eitt hundredel ned blei det på 60 meter hekk, til 10,75 (800 poeng). Det same kunststykket greidde Linn Seliussen (J15) på 800 meter, der ho betra seg til 2:34,59.

Sondre Rinde (G15) sprang 110 meter hekk (91,4cm denne gongen) på 16,31.

André Seliussen (G12) sprang på solide 2:29,10 på 800 meter.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar