onsdag 21. august 2013

Før NM (II)

Her kjem andre og siste gjennomgang av BFG-utøvarane som skal i elden i NM i Tønsberg komande helg:

I stav er det Marianne Benserud som er BFG-utøvaren mellom totalt 9 deltakarar. Det er eit sterkt felt, der det er duka for ny prestisjeduell mellom Katrine (Haarklau, Gular) og Cathrine (Larsåsen, BUL). Ikkje langt bak har me utfordrar Lene Retzius frå Moelven. Marianne er rangert som nr. 8.

3000 meter hinder er det eit tynt startfelt: Berre fire utøvarar er påmeldt, mellom desse 16 år gamle Anna Serine Røssland. Karoline Egeland Skatteboe (Tyrving) er favoritt, framfor Anniken Amos Ruud (NTNUI), medan det er voner om at Anna Serine kan snyta Maria Wågan (Namdal) for bronse i sin NM-debut og 3000 meter hinder-debut...

Til sist til to øvingar med klare forhåpningar, der BFG-utøvaren i begge tilfelle heiter Martine Eikemo Borge. På 400 meteren er det 25 påmelde utøvarar. Her har Martine 4. beste tida på førehand, bak Line Kloster (Vidar) - som har dei seks beste tidene i landet i år og må vera klar favoritt, Tara Marie Norum (Steinkjer) og Trine Mjåland (Kristiansand). Både Norum og Mjåland er innanfor skothald for Martine i form.

På den doble distansen - 800 meter - er Martine i utgangspunktet favoritt i Ingvild Måkestad Bovims permisjonsfråvær. Men ho får tøff konkurranse frå Hedda Hynne (Strindheim), Trine Mjåland (Kristiansand), Yngvild Elvemo (Strindheim) og Ida Fillingsnes (Herkules).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar